Logo
Til DNT.no forside
Til Luster Turlag
Fottur

VEL MØTT TIL FLOTTE TOPPTURAR I LUSTRANATUREN 2023-2025!

Dette er sekstende gongen Luster Turlag inviterer til TOPP-TRIMMEN! Dei same toppane som stod i kortet for 30 år sidan, skal no få nye besøk! Du får tre somrar på deg til å finna fram til desse ti fjelltoppane som ligg spreidde rundt i heile den vide Luster kommune.

Topptrimmen

Dette er utfordringane i Topptrimmen 2023-25

1. Tverrdalstind 1585 moh

2. Tisedalshøgdi 1228 moh

3. Buskrednosi 1505 moh

 4. Holmevassnosi 1653 moh

5. Børesteinen 985 moh

6. Falkanosi 1559 moh

7. Sveidalsnosi 1711 moh

8. Vestre Holåtind 2039 moh 

9. Simlenosi 1766 moh 

10. Stetind 2020 moh

Foto: Stein Bugge Næss
Foto: Stein Bugge Næss

 

Enkelt forklart er Topptrimmen den same som tidligare, der det er om å gjera å gå 10 toppar på tre somrar. Alle som deltek på TOPPTRIMMEN vil få diplom som viser kva prestasjonar dei har vore med på.

Postane står ute til utgangen av september 2025, og det passar best å besøka dei i sommarhalvåret, då vardane elles ofte er nedisa. Det er no raude metallboksar ein skal sjå etter, og inni vil det liggja bok til å skriva seg inn i og klyppeutstyr til å setja merke i deltakarkortet.

Deltagerkort

Kortet kostar 100,- og kan kjøpast på Sport 1 Pyramiden i Gaupne. 

Premie for fullent Topptrimm

Dersom du greier alle ti toppane, må du passa på å ta med ein stein – ikkje større enn at han kan monterast på ein 2x4 toms tresokkel - frå ein av toppane.

Deltakarkort og eventuell stein må leverast til den turlaget oppgir på nettsidene hausten 2022. Turlaget vil så sørgja for at det blir produsert ei messingplate med namnet på alle toppane og namnet på deltakaren. Ein kan velja å kjøpa berre messingplata eller få steinen montert på sokkel med plata pålimt. Messingplata vil kosta kr. 250, medan ferdig montert statuett vil kosta kr. 400.

Me minner om følgjande:

1. Hugs på, og ta omsyn til fjellvetreglane.

2. Pass på å ha med rikeleg klede, mat og drikke.

3. Ver sikker på rutevalet før du legg i veg.

Spør gjerne kjentfolk og gå aldri utan kart.

4. Gå slik at du ikkje er til irritasjon for grunneigarane. Unngå innmark og hugs grindane.

5. På posten må du skriva namnet i boka, klyppa i kortet og skriva tidspunkt for besøket.

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem