Logo
Til DNT.no forside
Til Luster Turlag
Fottur

Luster Gålag

Luster Gålag er ei nystarta undergruppe av Luster Turlag. Målgruppa er seniorar, og det vert lagt opp til lettare fellesturar i sommarhalvåret i eigen kommune og i nabokommunane. Turane vil gå torsdagar på dagtid.

Er du turglad, vil koma i betre form og ha triveleg turfølgje, så vinn over dørstokkmila og bli med!  Det er elles alltid noko nytt å høyra og læra på slike turar.

Turane er på Luster Turlag si nettsida merka med lett (L), middels (M) og krevjande (K) med seniorar som referansegruppe.

Turprogrammet for 2024 er klart, og du finn det i utsend folder eller på heimesida til Luster Turlag.  Kvar fredag i veka før tur vert det lagt ut ei meir detaljert orientering om turen med opning for påmelding med frist til måndag.  Startpunkt vil ein få vita då, og det er viktig at deltakarane samkøyrer derifrå.  Passasjerar betaler eit avtalt kronebeløp til sjåfør/bileigar alt etter kor lang køyreturen er.

Dei som melder seg på, må sjølve vurdera sine føresetnader ut frå vanskegrad og turbeskrivelse.

Ta med på turen :

  • Gode sko og kle
  • Regnkle om veret tilseier det
  • Litt ekstra varmt tøy i sekken
  • Niste og drikke.  Matpause vert alltid lagt inn
  • Stavar for dei som ønskjer det
  • Alle turar har turleiar, og på mange av turane vil det i tillegg vera med kjentkvinne/-mann    

Etter kvart som ein får e-postadresser frå deltakarar, vil det bli sendt ut påminning om neste tur på e-post. Luster Gålag vil dessutan ha eiga facebookside.

Årskontingent for dei som ikkje er medlemar av DNT/Luster Turlag er kr. 200.

Ønskjer du å bli medlem, så send ein e-post til Stein Bugge Næss: stein.naess@luster-fjordhytter.com   

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem