
Gratis lån av kanoar i Sunnfjord
Som medlem i Indre Sunnfjord Turlag kan du nytte kanoane våre gratis.
Skrevet av: Hege Mundal
Indre Sunnfjord Turlag har kanoar ein kan låne gratis som medlem. Fleire er låst med DNT-nøkkel som du får på turlagskontoret eller Sport 1 Elvetorget (100kr). Det er ikkje mogleg å reservere tid for bruk, her er det første mann til mølla. Vår erfaring er at det ikkje er rift om utlånet.
VILKÅR FOR BRUK:
Ved å ta i bruk kano frå turlaget stadfestar eg at:
✅ Minst éin person i kanoen må vere over 16 år og kunne symje minst 200 meter i ope vatn. Alle må bruke godkjend flytevest tilpassa storleik og vekt. Barn må vere i følge med ein symjedyktig vaksen.
✅ Dersom eg ikkje meistrar eigen- eller kameratredning, vil eg padle så nær land at eg enkelt kan symje i land og tømme kanoen for vatn om eg velter.
✅ Eg er klar over at padling er ein aktivitet som inneber risiko, inkludert fare for vêrskifte, velt og hypotermi.
✅ Når vasstemperaturen er under 15 grader, vil eg ha med meg eit vasstett pakka skift med handkle eller bruke våtdrakt/tørrdrakt.
✅ Eg veit at all bruk av kano skjer på eige ansvar. Turlaget tek ikkje ansvar for ulykker, personskade eller tap av eigendelar. Vi tilrår at ein unngår padling i strøymande vatn, sterk vind på større vatn kan gjere padlinga krevjande og farleg.
✅ Eg forstår at eg har ansvar for å sjekke at kanoen og utstyret er i god stand før bruk. Dersom eg oppdagar skade eller manglar, vil eg ikkje bruke kanoen og melde frå til turlaget på indresunnfjord@dnt.no.
💙 Ver varsam når du sjøset og tek opp kanoen for å unngå slitasje og skadefor å unngå slitasje og skade.
💙 Vis omsyn til naturen og andre brukarar på vatnet.
👉 Takk for at du tek vare på utstyret og hjelper oss med å halde det i god stand!
HER FINN DU KANOAR:
Gaular:
1stk. Lauvavatnet ved Tuftegarden 4H gard, åre og vest får du der.
1stk. Flatheim - ligg enten ved Myravatnet eller ved "Lona" (flytebrygge). Ta med redningsvest. Kontakt gjerne Heidi Vallestad (992 46 066) før lån.
1stk Storeneset - låst med DNT-nøkkel. Ta med redningsvest. Kontakt gjerne Frank Hoff Hana ved spørsmål tlf; 992 84 363
Førde/Jølster:
2stk Bekkjavatnet. Desse ligg ved speidarhytta, ved Nordenden av vatnet. Låst med DNT-nøkkel. Ta med redningsvest.
1stk ved Digernesvatnet, Sundsdalen. Låst med DNT-nøkkel. Ta med redningsvest.
1 stk ved Svidalsneset, ved 4H hytta. Låst med DNT-nøkkel. Ta med redningsvest.
Naustdal:
2stk ved Vonavatnet. Årer og redningsvest i skur.
2stk kanoar og 2 stk SUP-brett ved Sanden i Naustdal sentrum. Årer og renidngsvest i skur. Låst med DNT-nøkkel.
Askvoll/Hellesetvatnet:
Når ein kjem 609 frå Førde (om Stongfjorden) mot Holmedal er det avkjørsel til høgre like før autovern startar rett før bakken over Skaret startar. Når ein kjem 609 frå Dale tek ein avkjørsel til venstre rett etter 60 sona sluttar før Helleset på veg mot Askvoll. Parker på avkjørsel ved vegen. Følg skogsvegen ca 200 meter. Ved Hellesetvatnet ligg det 2 kanoar til venstre for vegen. Dei ved Hellesetvatnet er låste med hengelås med kode. Ta kontakt med Anne Grete Lien (909 88 542) om du ynskjer å låne desse.
Se også

