TiTur Sunnfjord 2026
Indre Sunnfjord Turlag inviterer til TiTur Sunnfjord. Turmåla er fordelt i heile kommunen, frå breane i aust til fjøresteinane i vest.
Skrevet av: Hege Mundal
TiTur Sunnfjord går frå perioden 1. april til 31. oktober.
Ved å samle og registrere 10 turmål i Sunnfjord Kommune kan du
V I N N E G Å V E K O R T. Det er gratis for alle å delta på TiTur!
Gjennomføring kan gjerast på ein av to måtar;
- Last ned TURKORTET 2026. Besøk turmåla og fyll ut skjema. Utfylt skjema kan sendast inn på e-post til indresunnfjord@dnt.no eller avtal ein visitt på kontoret på PEAK. Frist for innlevering 10.november.
- Bruk lista på appen "UT.no". Last ned appen UT og lag brukar. Søk på TiTur Sunnfjord 2026, her får du opp ei liste du skal følgje. Når du når eit turmål ligg det eit innsjekkingspunkt du kan trykke "Sjekk UT" på i appen. Merk at filter for turmål må vere på i UT kartet.
(Når du har følgt lista finn du den att under huskelister -> lister jeg følger"). Lista er aktiv 1.april - 31.oktober.
Årets turmål byr på ei god blanding av korte og enkle turar, samt nokre meir krevjande ruter. Du vel 10 av 12 turar. På dei lengste turane er det doble innsjekk, slik at du kan velje mellom kort eller lang variant.
Ikkje alle turmåla har merka sti, men dei fleste rutene finn du i UT appen der du kan sjå gps gps-spor. Merk at filter for turforslag må vere på i kartet. Hugs å planleggje turen godt godt—du går på eige ansvar.
Årets turar i 2026 er:
Førde:
- Nesstølen eller Ramnenipa
- Friborgsstølen
- Hetleegga (Rundenova)
Gaular:
- Nova på Sande
- Yndestadstølen
- Dysjelandsheia
Jølster:
- Finneskotet eller Støvarlifjellet
- Gygra
- Øyskaret eller Bjørsetfjellet
Naustdal:
- Svostølen
- Ørnefjellet
- Vindkjegla

Turskildringar:
Premiar
- Fire gåvekort gitt av Erdal Sport à kr 1000,- blir trekt blant alle som har fullført og besøkt 10 turmål (5 av 10 for born fødd i 2018 eller seinare, hugs å føre fødselsår på kortet).
- Deltakarpremie til alle aktive DNT-medlem. Born til og med året dei fyller sju år får deltakarpremie for fem turar. (meir info om kva kjem)

Slik registrerer du turane
Turmål kan registrerast digitalt i appen UT frå DNT, med eller utan selfie.
Du kan òg notere dato for besøkt turmål i turkortet. Born og andre som ikkje kan eller vil bruke UT-appen, leverer berre turkortet.
Turkortet kan du laste ned og skrive ut.
Turkortet leverer du på turlagskontoret eller sender inn på e-post indresunnfjord@dnt.no.
1.april- 31.oktober er god tid, så fordel turane ut over heile sesongen og gjer trygge vegval. For å kome i gang med turmåla kan du også bli med oss på utvalde ettermiddagsturar
Naturen er ein del av vår felles identitet, og vi håpar du får nye impulsar og flotte naturopplevingar. Tagg oss gjerne i sosiale media @indresunnfjordturlag #istitur26
Meir informasjon om korleis du nyttar UT appen finn du her (hjelp.ut.no)

Gåvekort er sponsa av vår samarbeidspartnar Intersport Erdal Sport.
Se også