Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

TiTur Dalsfjorden 2026

Indre Sunnfjord Turlag inviterer til TiTur Dalsfjorden. Her kan du vinne premier ved å besøke årets turmål i Fjaler og Askvoll.

Publisert: 26. mars 2026
Skrevet av: Hege Mundal
DNTs tilbud

TiTur Dalsfjorden er eit samarbeid mellom Askvoll kommune, Fjaler kommune, Indre Sunnfjord turlag og turlaga i Askvoll og Fjaler.

Fom 11. april t.o.m. 11. september har du høve til å bli kjend med mange av dei flotte turområda i nærområdet vårt.

I 2026 har vi valgt ut desse turmåla:

Fjaler:

  • Hellevikåsen
  • Kallastølsfjellet/Kalvhagstølfjellet
  • Storlifjellet i Fjaler
  • Nordre Klibberdalsfjellet
  • Taket

Askvoll:

  • Bjergastølen
  • Skylefjellet
  • Veten på Atløy
  • Straumsåsen
  • Kalderasnipene 662

 

Premiering:

Alle som fullfører får ein premie ved innlevering av turkort, og du vert då med i trekninga av 3 gåvekort med ein verdi av 1000 kroner. 

Årets deltakarpremie vert snart annonsert. 

Registrering:

Det vil vere raude postkassar med bøker du kan skrive deg inn i på toppane. Du kan og registrere deg ved å trykke "sjekkUT" i UT appen.
Alle som fullfører skal fylle ut og levere turkort (kjem). Du kan laste ned og printe ut eller hente ut fysisk på Sport Dale. 

Vi oppmodar om at du nyttar appen til www.ut.no for å sjå turane og registrere deg på sjølve toppen. Følg lista her eller søk TiTur Dalsfjorden 2026. "Sjekk inn" på appen når du når innsjekkingspunkta. (Når du har følgt lista finn du den att under huskelister -> lister jeg følger"). Lista er aktiv 12.april - 12.oktober.

For å vera med i trekkinga må du ha vore på alle toppane. Deltakarar under 7 år: Må gå 5 toppar. Deltakarar opp til 13 år og over 67 kan heller ta til turar ekstra til eit par av dei lettare turmåla enn å gå dei høgste og lengste turane.

Følg gjerne TiTur Dalsfjorden på Facebook 
Det er også kjekt med biletdeling på Instragram ved å nytte #istitur26 eller @indresunnfjordturlag. 

Turkortet (2026 versjon kjem) må leverast på YX bensinstasjon i Askvoll eller Dale innan 25. oktober 2026. Deltakarpremiane vert utlevert fortløpande mot innlevert, fullstendig utfylt turkort. Alle må ha kvar sitt turkort, og det kan berre leverast inn eitt kort per person.

Spørsmål kan rettast til 
John Lien på tlf. 918 61 083.

Velkommen på tur i og rundt vakre Dalsfjorden! Foto: Arve Åsnes
Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem