Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Tysdagstur med seniorgruppa

Tysdagsturar med seniorgruppa er tilbod for deg som har fri på dagtid! I 2025 har vi to turgrupper - ei i Sunnfjord og ei i Askvoll! Kvar veke, frå midten av april til slutten av september, er det føremiddagstur. Alle som kan gå i terreng i 3-4 timar er velkomne til å vere med.

Publisert: 08. september 2023
Skrevet av: Hege Mundal
DNTs tilbud

Tysdagstur i Sunnfjord:

Kvar tysdag frå april til oktober inviterer vi til Tysdagstur! (med eit lite opphald i sommarferien). Vi samkøyrer frå Festplassen i Førde kl. 10.00, men du kan også møte direkte ved turstart. Send gjerne ei tekstmelding til turleiaren. Turane er graderte som enkle, middels eller krevjande, men inneheld ikkje luftige parti.

Alle som kan gå i terreng i 3–4 timar er velkomne! Merk at turmåla kan bli endra på kort varsel ved dårleg vêr. Seniorgruppa arrangerer også eigne overnattingsturar – her ligg alt til rette for flotte naturopplevingar i godt lag! 🚶‍♂️🏔️

Om samkøyring: Avreise er kl 10.00 frå FESTPLASSEN i Førde (p-plass v/Laksen) om ikkje anna vert opplyst. Vi samordnar transporten, og passasjerane betalar kr 50 pr tur når turen er inntil 50 km kvar veg. Er turen lenger, betalar passasjer kr 75-100 alt etter kor lang turen er. Ved særleg lange turar må betaling vurderast spesielt. Samråd deg gjerne med turleiar. 

Tysdagstur i Askvoll:

I eit samarbeid mellom Askvoll idrettslag og Indre Sunnfjord turlag vert det no tysdagsturar i Askvoll. 

Det er ikkje toppturar men fjelltrim på 3 – 5 timar i lettgått terreng. Turane vil gå til stølar, greie rasteplassar og fine utsiktspunkt. På endestaden vil det vere greitt med kaffipause. 

Veret i vest er utfordrande, men med gode sko og klede kjem vi ut kvar tysdag. Er det turar litt opp mot fjella, treng vi godt ver med solgløtt. Difor vel vi kortar turar og gjerne på traktorvegar på våte dagar med skodde i fjella. 

Turmålet vert gjort kjendt dagen før. Turane vil vere i alle områda nord for Dalsfjorden, men og Stongfjorden og Atløy. Nokre av turane vil gå til postar i TITUR DALSFJORD. 

Vi møtest på Øyra i Askvoll og køyrer saman derifrå kl 14.00.

IST legg DNT sine generelle vilkår for deltaking på fellesturar til grunn. 

 

Del artikkel:
Del på e-post
Vis alle i DNTs aktivitetskalender

Kanskje er du også interessert i "Natur & Kultur"?

Vis alle i DNTs aktivitetskalender

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem