Turbotrim med Barnas Turlag
Turbotrim - eit lågterskeltilbod gjennom Barnas Turlag!
Barnas Turlag set ut og flyttar ei raud Turbopostkasse til eit nytt, barnevenleg turmål kvar mnd.
I postkassen ligg ei bok som barna skriv seg inn i med fullt navn, telefonnummer og alder. Alder er viktig for å skilje barn frå vaksne.
Kvar månad trekk vi fine premiar blant deltakarane som er medlem i DNT.
Vi publiserer turmål og vinnarane på facebooksida til Barnas Turlag Førde , Barnas Turlag Askvoll eller Barnas Turlag Fjaler alt etter kvar du bur.
Premiane må hentast.
Ved innmelding i DNT vil du automatisk tilhøyre Indre Sunnfjord Turlag dersom du har postadressa di i Sunnfjord, Askvoll eller Fjaler kommunar. Medlemskap for barn kostar 150 kr/år, ein har også t.d.familiemedlemskap. Sjå dnt.no/medlem
TURBOTRIM FØRDE 2026:
No kan de laste ned og printe ut skjema for Turbotrim i Førde 2026.
Trekning av premie for kvar einskild tur, samt deltakarpremie til alle som har registert meir enn 8 postar gjennom året.
Send ei påmelding for heile året på tekstmelding til Sissel tlf; 99264780.
Merk meldinga; turbotrim, navn, alder, tlf.nr.
Når du leverer skjema på slutten av året skal du også fylle inn medlemsnr for barnet, dette finn du på min side eller i medlemsappen.
Januar: Digernesvatnet (ev Skøyting på isen)
Februar: Langeland - gapahuken i 2km
Mars: Nordheia (Vasslia)
April: Erdalsdalen - høgda mot stølen
Mai: Legestøylen (Legene)
Juni: Skjerveholten (Åsane)
Juli: Hunsrasta (Bekkjavatnet)
August: Smålivatnet (Ullebuststølen, Masdalen)
September: Botnavatnet (Angedalen)
Oktober: Ramstadstølen (Angedalen)
November: Vidsyn (om Lysthaugen)
Desember: Gytta (dagsturhytta)
I utgangspunktet vert postkassen flytt kring den 1.kvar månad, vi anbefalar at du føl med på facebooksida til Barnas Turlag Førde då vi oppdaterer kvar post der.
Se også