Villrein i Sunnfjord
Veit du at to av landets 24 villreinstammar har delar av sitt leveområde i Sunnfjord kommune?

Villrein i Sunnfjord
Reinen i Sunnfjord villreinområde har det aller meste av sitt leveområde i Sunnfjord. Her er det i overkant av 100 reinsdyr som lever i fjella som strekker seg på sørsida av Førde og Jølster, frå Askvoll kommune i vest til Grovabreen og Lundeskaret i aust.
På nordsida finn vi Førdefjella villreinområde, der i underkant av 100 reinsdyr lever i fjella mellom Sunnfjord og Gloppen. Begge stammane vert forvalta gjennom teljingar, oppsyn og jakt som vert organisert av lokale villreinutval.
Begge villreinstammane har opphav i tamrein, og kan i periodar av året og i ein del situasjonar bli oppfatta som lite sky. Det er likevel viktig at vi som friluftsbrukarar tek omsyn til villreinen og ikkje uroar reinen unødig. Særleg viktig er dette i den perioden av året der villreinsimlene skal føde og fostre opp nye kalvar, frå april månad og godt utover i juni. I denne perioden bør du helst legge turen til ein annan stad enn kalvingsområda.
Her er nokre enkle råd som vi som turfolk bør følge i møte med villrein:
- Hald avstand til villrein når du ser den. Nyt synet og ta bilete på god avstand, minst 200 meter.
- Ikkje prøv å sjå kor nærme reinen du klarar å komme! Du vil skremme reinen til slutt, og reinen må bruke unødvendig energi som den prøver å spare på.
- Dersom du observerer villrein i den ruta du har tenkt å gå, legg om ruta og gå rundt med god avstand.
- Om du kjem brått på villrein og støkker den, hald deg i ro til reinen har fått trekt vekk eller trekk deg tilbake og legg om ruta.
Meld frå når du ser villrein på turen din:
Møter du på villrein på turane dine i områda her, er dei to leiarane for villreinutvala glade for om du melder frå om dette; kvar, når og kor mange dyr:
For observasjonar i Sunnfjord villreinområde, kontakt Jan Ove Flaten, leiar i Sunnfjord Villreinutval, tlf 958 88 077 janoveflaten@icloud.com
For observasjonar i Førdefjella villreinområde, kontakt Arne Dvergsdal, leiar i Førdefjella Villreinutval, tlf 975 93 679 a-dv@online.no
Skulle det elles vere noko du lurer på, kan alf.erik.royrvik@statsforvalteren.no svare deg. Han er sekretær for villreinnemnda i Sogn og Fjordane.
Meir informasjon om:
Sunnfjord villreinområde: Sunnfjord | Villrein
Førdefjella villreinområde: Førdefjella | Villrein
Se også

