Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Bli med på turåret 2026!🏔️🌿

I 2026 inviterer Indre Sunnfjord Turlag til eit variert turprogram for ulike aldrar og nivå. Gjennom året arrangerer vi mange fellesturar du kan vere med på – medlem eller ikkje. Nedanfor finn du oversikt over dei ulike delane av tur- og aktivitetstilbodet. Velkomen med på tur!

Publisert: 07. januar 2026
Nyhet

Helg- og overnattingsturar 
– turprogrammet mange ser fram til

Frå midten av mars til slutten av september inviterer vi til dags- og overnattingsturar i variert vanskegrad, frå middels til ekstra krevjande. Her finn du ei blanding av klassiske fotturar, tradisjonsrike turar og meir utfordrande opplevingar, også i regi av bre- og fjellsportgruppa.

Programmet rommar både faste tradisjonsturar og nye turmål. Nokre turar kan bli lagde til undervegs, medan andre kan verte avlyste dersom vêr og forhold krev det. Følg med i aktivitetskalenderen – vi gler oss til å ha deg med på tur! ⛰️🔥

Kommande helg- og overnattingsturar

Vis alle i DNTs aktivitetskalender

Barnas Turlag (0-12 år):

Indre Sunnfjord Turlag har tre aktive Barnas Turlag – i Førde, Askvoll og Fjaler. Målet er å gi barn gode naturopplevingar og skape turglede tidleg. Aktivitetane er gratis og opne for alle, og foreldre har ansvar for eigne born. Turar og aktivitetar vert lagde ut fortløpande – følg gjerne Barnas Turlag på Facebook der du bur.

-> Barnas Turlag Askvoll
-> Barnas Turlag Fjaler
-> Barnas Turlag Førde


DNT ung (13-25 år):

DNT ung Sunnfjord arrangerer kjekke aktivitetar for ungdom i alderen 13–25 år. Nokre arrangement er tilpassa bestemte aldersgrupper. Unggruppa har engasjerte frivillige frå Askvoll, Fjaler og Sunnfjord, og legg til rette for gode møteplassar for friluftsinteressert ungdom på tvers av kommunegrenser.

I tillegg blir nokre aktivitetar arrangerte av regionalleddet DNT ung Sogn og Fjordane. Aktivitetane blir lagde ut fortløpande – følg @dntungsunnfjord på Instagram for oppdatert informasjon. 🌿🏕️

Kommande aktivitetar med DNT ung

Vis alle i DNTs aktivitetskalender

DNT x Sunnfjord U40

I samarbeid med Sunnfjord U40 arrangerer vi nokre få årlege turar og aktivitetar for unge vaksne. Sunnfjord U40 er eit nettverk for unge som bur eller jobbar i Sunnfjord kommune, og som ønskjer å bli kjent med andre aktive i regionen.

Turane har enkel til middels vanskegrad og legg vekt på fellesskap og sosial møteplass. For fleire turar, sjå også helg- og overnattingsturar i turprogrammet.

Tysdagstur med seniorgruppa:

Kvar tysdag frå april til oktober inviterer seniorgruppa til Tysdagstur, med eit kort opphald i sommarferien. Turane går i variert terreng og er graderte som enkle, middels eller krevjande, utan luftige parti. Alle som kan gå i terreng i 3–4 timar er velkomne.

Sunnfjord: Vi samkøyrer frå Festplassen i Førde kl. 10.00, men du kan også møte direkte ved turstart.
Askvoll: Oppmøte på Øyra kl.10.00 eller 14.00.

Turmål kan bli endra på kort varsel ved dårleg vêr. Seniorgruppa arrangerer også eigne overnattingsturar. Bli med på fine naturopplevingar i godt lag! 🚶‍♂️🏔️

Vis alle i DNTs aktivitetskalender

Natur & Kultur: 

Natur & Kultur er vårt lågterskeltilbod på ettermiddagstid, der vi kombinerer naturopplevingar med kultur. Turane er graderte frå enkle til middels krevjande og passar for eit breitt publikum, både unge og eldre.

Vi samarbeider med aktørar som Kulturnatta, Førdefestivalen og Historielaget for å skape eit variert program. Tilbodet er ope for alle, og passar særleg godt for seniorar og godt vaksne som ønskjer fellesskap og lokale opplevingar.

Vis alle i DNTs aktivitetskalender

Friluftsliv Tilrettelag: 

FTU, friluftsliv tilrettelagt utviklingshemma, er ei gruppe som arbeidar for at personar med funksjonsnedsettelse skal få gode naturopplevingar. Vi legg til rette for kjekke aktivitetar uavhenging av fysisk form og funksjonsnivå. 

Kommande aktivitetar med Friluftsliv Tilrettelagt

Vis alle i DNTs aktivitetskalender

Andre aktivitetar og tilbod:

Ovanfor har vi presentert Fellesturane våre ved hjelp av filtreringar i aktivitetskalendaren. Dersom du vil sjå alle aktivitetar under eitt og filtrere sjølv ser du heile aktivitetskalendaren til IST her. Du kan også filtrere på andre lokallag eller heile landet om du vil utforske meir!

Vi minner elles om trimpostkonkurransane TiTur Dalsfjorden, TiTur Sunnfjord og Turbotrim!
Du må ikkje vere medlem for å delta på aktivitetane våre, bruke stiane eller hyttene våre - men hugs at det er du som medlem som held hjula i gang & at DNT medlemmer har både lokale, regionale og landsdekkande medlemsfordelar! 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem