Vel møtt til årsmøte i Indre Sunnfjord Turlag 10.februar kl.18.00.
Innkalling til årsmøte 2026:
Årsmøte Indre Sunnfjord Turlag 2026
Tid: Tysdag 10. februar kl. 18.00
Stad: Kantina, 1. etasje på PEAK Sunnfjord
I 2026 fyller Indre Sunnfjord Turlag 55 år – eit solid grunnlag for vidare aktivitet og frivillig innsats. Det vert enkel servering.
Frist for innsending av saker 27.januar.2026.
Røysterett: Alle medlemmer som har betalt kontingent for 2026. Medlemmer som har fylt, eller fyller, 15 år i valåret, kan veljast inn i hovudstyret.
Sakliste og vedlegg:
Medlemsavtale mellom DSF og Indre Sunnfjord Turlag
Andre dokument: noverande Vedtekter og oversikt over tillitsvalde finn du under «Om oss» på heimesida.
Oppsummering frå årsmøte 2025:
Tysdag 11. februar vart årsmøtet i Indre Sunnfjord Turlag halde. Fire styremedlemmer vart takka av for sin mangeårige innsats: Roger Hopland (styremedlem/nestleiar), Edith Falkenstein (seniorgruppa) og Sissel Flåm (Barnas Turlag) har alle lagt ned utallige timar for å legge til rette for flotte naturopplevingar.
Ein særleg takk går til Kjell Arne Hjellbrekke, som har den lengste tenestetida i IST. Sidan 1999 har han vore engasjert i Barnas Turlag, hyttestyret, hovudstyret, valnemnda og sti- og merkenemnda. Han var også styreleiar i perioden 2016–2021, i tillegg til å ha leia eit uttal turar både sommar og vinter.
I det nye styret ønskjer vi Merete Helgheim, Svein Ove Osland, Julie Vårdal Heggøy, Anne-Grete Nygjerde og Guri Line Brekke velkomne.
Det har også vore endringar i gruppene:
Bre- og fjellsportgruppa: Sissel Vedvik gjekk ut, og Kaia Johnsen Viki kom inn.
Seniorgruppa: Sigrid Gjelsvik gjekk ut, medan Ann Elisabeth Opland og Kirsten Sunde kom inn.
Stor takk til alle som har gått ut av styret og gruppene – og hjarteleg velkommen til dei nye!
Signert protokoll frå årsmøtet finn du her:
Protokoll Årsmøte 2025.pdf
Dokument som vart handsama i møte:
Årsmelding IST 2024.pdf (Her finn du ekstra vedlegg for utfyllande årsmelding frå Barnas Turlag sin aktivitet)
Namnesak Årsmøte 2025
Sjå elles styrande dokument under "om oss" på heimesida (vedtekter, tillitsvalde)
Se også