Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Vel gjennomført årsmøte i Indre Sunnfjord Turlag 10.februar

Publisert: 07. januar 2026
Nyhet

Oppsummering frå årsmøte 2026:

Tysdag 10. februar vart årsmøtet i Indre Sunnfjord Turlag halde på PEAK Sunnfjord. 

I 2026 fyller Indre Sunnfjord Turlag 55 år – eit solid grunnlag for vidare aktivitet og frivillig innsats. Leiar Ingebjørg ynskte velkomen, og vi markerte 55 årsjubileet vårt med kake. Den aller første organiserte turen til IST gjekk 12. september 1971 til Skjorta, og denne turen er sett opp att på same dato i år.

Atle Holsen vart valt til møteleiar og losa oss stødig og effektivt gjennom årsmøtesakene.

Eit styremedlem, Kjell Kleiven, vart takka av for sin mangeårige innsats. 
Kleiven fortener ei særleg merksemd for sitt langvarige engasjement. Han starta Barnas Turlag Førde på slutten av 90 talet og har sidan teke alle steg i turleiarstigen. I 2007 vart han vald inn som leiar i hyttestyret, og saman med andre dyktige frivillige har han halde hyttene våre i svært god stand sidan. Sjølv om han no går ut av styret, reknar vi med å sjå han i aktivitet både her og der framover.

I det nye styret fann valnemnda ikkje ein erstattar for leiaren i hyttestyret, men vi ynskjer Knut Skurtveit velkommen som leiar i sti- og merkenemnda.

Det har elles vore følgande endringar i gruppene:

Bre- og Fjellsportgruppa: Kaia.J.Viki og vara Anja Selstad gjekk ut. Stine Løken Holme og Inge Aasland kom inn.

Sti- og merkenemnda: Anne Grete Nygjerde vart vald inn som medlem (tidl.leiar). 

Hyttestyret:  Anders Terje Vie og vara Jorun Vågen (avdød) gjekk ut. Frode Hansen og Rikke Vidde Westvig kom inn. 

Signert protokoll frå årsmøtet finn du her:

Protokoll årsmøte 2026.pdf

Dokument som vart handsama i møtet: 

Sakliste årsmøte 2026

Årsmelding IST 2025

Resultatregnskap - 2025 

Balanse - per onsdag 31. desember 2025

Arbeidsplan 2026

Budsjett 2026

Medlemsavtale mellom DSF og Indre Sunnfjord Turlag.pdf

Andre dokument: noverande Vedtekter og oversikt over tillitsvalde finn du under «Om oss» på heimesida.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem