
Komande turar og aktiviteter med Indre Nordfjord Turlag
Vi i Indre Nordfjord Turlag (INT) ønsker at enda fleire skal få muligheita til gode opplevingar i naturen. Enten du er ung eller gammal, heilt fersk eller erfaren - vi har turar og aktiviteter for deg.
Våre neste turar og aktiviteter
Oversikt over helgeturar
Oversikt over helgeturane i 2025
Tar forbehold om endringar. Kvar tur vil bli publisert på heimesida samt i fjordingen.
Oversikt over onsdagsturane
Oversikt over onsdagsturar for 2024 finn du HER.
Oversikt over turane til Gå-laget
Onsdagsturar i 2024 for Stryn gå-lag (i INT)
På oversikta over turar finn de program for alle turane som er planlagde i 2024.
Det er tredje året vi prøver dette, så vi er også i år opne for endringar i løpet av sesongen. Vi legg opp til turar av ulik vanskegrad og lengde og dette er forsøkt indikert under.
Vi tar oss alltid tid til pauser undervegs, så ta med mat og drikke. Vi skal ikkje gå for fort. Kle deg etter veret og ta med godt tur-humør.
Turane vert arrangerte kvar andre onsdag og startar ved Strynehallen kl 11.00.
Møt opp 5 til 10 minuttar før. Vi satsar på samkøyring frå Strynehallen til der turen startar. Vi spleisar på køyring og bom-pengar..
Dersom du ynskjer å møte direkte der turen startar eller har andre spørsmål, ta kontakt med Berit Hisdal Lunde på telefon 913 13 256 eller Oddmund Teigland på telefon 996 38 418.
Oversikt over turane til Barnas Turlag
Oversikt over turar og aktiviteter i 2024:
- 4. Februar - Kom deg Ut dag
- 21. April - Kick off tur til Verlostøylen
- 5. Mai - Turbotur til Demmene (ved Sagedammen)
- 16. Juni - Turbotur til Gråberg.
- 25. August - Turbotur til Blåvatnet
- 1. September - Kom deg Ut dag ved Hydlaparken.
- 27. Oktober Turbotur til Tyva / Haugasetra
- 9. November - Lommelykttur til Spjelkebu
Meir info om turar blir informert under aktivitetslista på heimesida, på Facebook / Instagram og i Fjordingen.
.
Se også

