Utleige av turutstyr
Indre Nordfjord Turlag (INT) har diverse utstyr som er til utlån til medlemmar og ikkje-medlemmar. Vi har ikkje spesifikke opningstider, men vi har ope når det ikkje er stengt.
Utleige i påska 2025 (12. april-21. april): I denne perioden må vi prioritere kun DNT-medlemar som har Indre Nordfjord Turlag som lokallag. Det kan alle få ved å kontakte medlemsservice.
Dei som bur i Stryn Kommune og Hornindal får automatisk INT som lokallag.
Randoneeutstyr
Randonee; INT har no 10-12 sett med komplett randoneeutstyr som består av:
Ski med fellar, sko, stavar, sender/mottakar, spade, søkestang og hjelm(utan briller).
Ski:
- Vølkl VTA 88 : 160 - 170 / VTA 98 : 163 - 170 - 177 - 184 (alle skia har Kingpin binding)
Sko:
- Atomic Backland, størrelsar: Dame: 37 - 38,5 - 40 - 41. Herre: 41 - 42,5 - 44 - 45 - 46
Ski til barn:
- Dynafit ski og binding: 120 - 130 -140 - 150
- Sko til desse skia: 35 - 37- 38,5 - 40
Prisar for leige av randoneeutstyr pr. dag:
Barn og ungdom (6-25 år):
- Medlem INT : kr 100
- Medlem DNT: kr 300
- Ikkje medlem: kr 500.
Vaksne:
- Medlem INT : kr 300
- Medlem DNT: kr 500
- Ikkje medlem: kr 750.
Ungdom har prioritet, så ein kan ikkje avtale leige til vaksne før ein er sikker på at utstyret er ledig.
Randoneeutstyret er ikkje til bruk i alpinanlegg.
Truger
Indre Nordfjord Turlag (INT) har 3-4 sett truger til utleige.
Prisar for leige av truger pr. dag:
Ungdom (6-25 år):
- Medlem INT kr 50
- Medlem DNT: kr 125
- Ikkje medlem: kr 200
Vaksne:
- Medlem INT : kr 125
- Medlem DNT: kr 225
- Ikkje medlem: kr 325.
Betaling for utleige : Vipps - 108817
Del artikkel:
Del på e-post
Se også
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Bli medlem