Logo
Til DNT.no forside

Indre Nordfjord Turlag - Turbopost

Barnas Turlag har laga til fleire turar med Turbo Dette er turar ein kan gå når det sjølv passar i perioden mai til oktober. Ein registrer turane på eige registreringsskjema. Det er fine premiar til alle barna mellom 0-12 år som deltar.

TURBOPOSTAR


Dette er barna sin eigen Turbopost, oppkalla etter Barnas Turlag sin maskot, fjellreven Turbo. Du kan gå fem turar og bli Turbo, eller gå ti turar og bli Superturbo!

Det er no plassert ut fleire Turbopostkassar/turmål, så ein kan sjølv velgje kva for turar ein vil gå.  Einaste «kravet» er at det må være ulike turar.

Turbopostar

Oversikt over Turbopostar finn de her

Omtale Turbopostar

Omtale om Turbopostar finn de her

Registreringsskjema Turbopost

Her på heimesida finn ein Registreringsskjema der du fyller inn namn, dato og namn på post/tur.

Registreringsskjemaet sendast til Barnas turlag på e-post : bt.indrenordfjord@dnt.no

 

Turbo lovar ein liten premie til alle som har gått på (minst) fem ulike turar. Det er ulik premie til dei som har gått fem og og dei som har gått ti turar. Det vert i tillegg trekking av tre flotte hovedpremiar. 
Du treng ikkje være DNT-medlem for å delta på Turboturane, men det er kun medlemmar som er med i trekninga av hovedpremiane..

Ynskjer du å verte medlem i Indre Nordfjord Turlag? . Du kan registrera deg, barnet ditt eller heile familien på DNT.no

Ut.no/sjekkut 

For barn med smarttelefon kan ein nytte turappen ut.no/sjekkut som er DNT sin eigen turapp. (Last den ned via Appstore / Google Play). Her kan du sjekke inn digitalt og sjå turbeskrivelse og kart under turen.  (For premie må det likevel leverast inn registreringsskjema)

I tillegg vil vi absolutt anbefale at ein ser på appen KulTur.  Der kan ein registere heile familien, og der er mange morsosame aktivitetar ein får poeng for!  Så er det om å gjere å samle flest poeng og nå toppen!

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem