Fellesturar med Flora Turlag
Bli med oss på fellestur! Vi har eit variert og kjekt turprogram.
Frå og med 2026 har Flora Turlag innført turavgift på 100kr for ikkje DNT-medlemmar som vil vere med på turane våre. Avgifta skal betalast til kontonummer 3775.65.53268, eller vippsast til nummer 554905, før tur.
Når Tur & Kultur startar opp 14. april 2026 vert det påmelding på turane på nettsida. Der må ein oppgje medlemsnummer eller betale 100kr for å bli med på turen.
Ynskjer du å bli medlem av DNT? Fordelane ved å vere medlem er mange. Til dømes billegare overnatting på hyttene våre/andre DNT hytter, rabatt på turutstyr, 15% rabatt på Sport 1 i Førde og på Sandane. Les meir om fordelane på DNT sine nettsider.
Pris for DNT medlemskap:
Vaksne mellom 26-66 år: 860kr
Unge vaksne mellom 13-25 år: 365kr
Husstand: 475kr
Born 0-12 år: 150kr
Fleirårig barnemedlemskap 0-12år: 1200kr
Familiemedlemskap: 1540kr
Seniormedlem (over 67år) eller ufør: 675kr
Livsvarig medlemskap: 21.500kr
Prisliste for hyttene våre (2026):
Medlem/Ikkje medlem
Vaksne: 250,-/450,-
Ungdom: 13-25 år 125,-/250,-
Born 4-12: 0,-/125,-
Born 0-3: 0,-/0,-
Heile Gjegnabu: 2 500,-/3 500,-
Heile Kinn: 2 500,- 3 500,-
Heile Børabu: 1 000,-/1 500,-
Heile Blåbrebu: 3 000,-/4 000-,
Dagsbesøk pr. pers.: 50,-
Dagsbesøk pr. fam.: 100,-
I menyen under kan du enkelt sjå alle turane vi har planlagt for året. Nokre nye kan komme til, og nokre kan bli avlyst. Det er enkelt å filtrere på både dato, type tur og vanskelegheitsgrad. Ønskjer du kun å vere med å padle? Filtrer på padleturar!
Trykk på "Vis alle i DNTs aktivitetskalender" for å sjå alle turane.
Håpar vi sjåast!
Se også