På dugnad arbeider vi for eit enkelt, aktivt, allsidig og naturvenneleg friluftsliv og for sikring av friluftslivets natur og kulturgrunnlag. Vi har over 900 medlemmar og er eit aktivt turlag med mange ulike aktivitetar gjennom heile året.
Flora Turlag er tilslutta DNT Sogn og Fjordane som ein av medlemsforeiningane i Den Norske Turistforening. Vi vart etablert i 1976 og har i over 40 år lagt til rette for flotte turopplevingar i Flora-naturen. Turlaget har gjennom desse åra vore opptekne av at alle skal kunne finne eit tilbod som passar. I dag har vi tilbod til alle - frå barn til senior, på dagtid, ettermiddag og helg gjennom heile året.