TURTRIMMEN 2026
TURTRIM 2026!
Bli med på årets turtrim i UT.no appen. Tidsrommet er frå 1. mai til 30. oktober 2026.
I år prøva vi noko nytt, å samle flest SjekkUT besøk i Flora Turlag sitt aktivitetsområde.
SjekkUT-punkta kan vere hytter, kulturminne, vadeplass, bru, sjåverdigheit og mange andre turmål. På dei fleste punkta ligg det informasjon om turmåla.
Brandsøyåsen har eit par år vore det mest besøkte SjekkUT-punktet. Klara vi det i år også? Kanskje kjem nokre av sentrumspunkta høgt på besøkslista. Har du lyst til å ta deg ein tur rundt turområda til Flora Turlag, ligg det fleire SjekkUT-punkt langs turforslaga som du finn på UT.no. Vi kjem til å foreslå turforslag framover.
Vi premierer dei 5 som har flest besøk med ei DNT-gåve. Deltakarane som vert premiert, vil bli offentleggjort.
Vi håpar dette vil inspirere til å bli kjent rundt i turområde til Flora Turlag.
Har du spørsmål eller lura på noko, send oss ein e-post til floraturlag@gmail.com.
Se også