TURTRIMMEN 2026
TURTRIM 2026
Bli med på årets turtrim i UT.no-appen. Tidsrommet er frå 1. mai til 30. oktober 2026.
I år prøver vi noko nytt - samle flest SjekkUT besøk i Flora Turlag sitt aktivitetsområde.
SjekkUT-punkta kan vere hytter, kulturminne, vadeplass, bru, sjåverdigheit og mange andre turmål. På dei fleste punkta ligg det informasjon om turmålet.
Brandsøyåsen har eit par år vore det mest besøkte SjekkUT-punktet, klarer vi det i år også? Kanskje kjem nokre av sentrumspunkta høgt på besøkslista. Har du lyst til å ta deg ein tur rundt turområde til Flora Turlag, ligg det fleire SjekkUT-punkt langs turforslaga som du finn på UT.no. Vi kjem til å foreslå turforslag framover.
Vi premierer dei 5 som har flest besøk med ei DNT-gåve. Deltakarane som blir premiert, vil bli offentleggjort.
Vi håpar dette vil inspirere til å bli kjent rundt i turområdet i Flora Turlag.
Har du spørsmål eller lura du på noko, send oss ein e-post til floraturlag@gmail.com.
Se også