Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Bli med Flora Turlag på Turtrimmen 2025 i UT-appen!

Publisert: 17. november 2024
Artikkel

I mange år har vi hatt turtrim og no gjer vi endå ein ny spennande vri. Årets Turtrim er todelt.

Fjorårets liste med alle SjekkUT punkt 2024 fortset. Og til deg som ikkje klarte alle i fjor er det berre å fortsetja der du slapp! Totalt har vi no 233 flotte turmål og stader i appen, og her finn du lista med alle turmåla for 2025. Vi premiar dei som klarer alle punkta. 

I tillegg har vi har samla alle punkta frå to lister: Flora Turlag Norddalsfjord Nedre og Flora Turlag Høydalane/Stavang/Standal på ei liste: Flora Turlag Turtrimmen 2025.  Her premier vi dei som tar alle punkta og trekk ut 3 tilfeldige blant dei som har sjekka inn.

Ut.no er eit levande produkt der nye punkt og turforslag kjem til – andre kan bli sletta. Meld deg på listene så har du kontroll og oversikt på kor mange du har og kva du manglar av punkta samt nye som kjem til. Deltakerne som blir premiert blir offentliggjort og, og vi offentleggjer ei liste med SjekkUT punkt ved konkurransens slutt.

Konkurransen gjeld frå november 2024 tom oktober 2025.


PS:
Får du ikkje til å sjekke inn i på SjekkUT i UT-appen på turmålet? Då kan du kan fikse det når du kjem heim, så lenge du har hatt mobil med deg og prøvd å sjekka inn. Om du har spørsmål, eller det ikkje fungerer kan du sende oss ein e-post på: floraturlag@gmail.com


Friluftslivets år 2025

2025 er nasjonalt friluftslivets år. Då er det kjekt at turtrimmen er ett arrangement i det viktige tema. Det viktigaste med Friluftslivets år er å inspirere fleire til å bruke turområde og bli kjende med varige friluftslivsaktivitetar der du bur, samstundes som vi tek omsyn til naturen.
 

Vi håpar dette vil motivere til flotte turar og opplevingar - og ikkje minst gje dykk ny inspirasjon til turmål!

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem