Trimpoeng 2024 - oppsummering og vinnarar
Mai, juni, juli og august kom og gjekk. Det same gjorde dykk. Det betyr at årets Trimpoeng-konkurranse er over ✨ Her kjem ei oppsummering!
Først og fremst. Ein stor gratulerer til Kim Are Jacobsen 🥇 Med 3 518 poeng kunne ingen ta deg igjen. Ingen var faktisk i nærheita. Nestemann på lista, Vytenis Peselis, som også har gjort ein solid innsats, havna 1 000 poeng bak. Det seier sitt!
Årets statistikk
Totalt hadde vi 1 517 kjekke deltakarar med. Dei tok til saman 72 172 innsjekk, og det er meir enn i fjor. Ålfotbreen 1310 og Egga var dei mest sjelde innsjekka med 25 kvar. Av dei mest populære finn vi Klippfiskstien med 10 800(!) innsjekk, Storåsen utsiktspunkt med 9236 og Lilleåsen utsiktspunkt med 8 340.
Premiering
Bravopremien er i år ei fantastisk luksushelg til Stad Hotell. Den trekkast snarast saman med Bravo Seafood, og alle som har over 200 poeng og er medlem i DNT er automatisk med i trekninga. Ellers er det premie til alle som har sjekka ut alle turmåla. 1. plass for høgst total poengsum i kategorien barn/ungdom gjekk i år til Sanne Sund Hauge med 661 poeng!
Årets Trimpoeng-konge blei Kim Are. I tillegg til å ta flest poeng og sjekke ut alle turmåla har han også tatt flest poeng på ei veke og ein månad. Han tok heile 440 poeng i veke 28 og 1 270 poeng i juli. Vilt!
Vi har trukke tilfeldige vinnarar blant dei som har frå 200 poeng og oppover. Og her er vinnarane:
- 200 poeng og vinn ein sekk med Turmat Bunnpris: Ann-Kristin B
- 400 poeng og vinn 2 stk. jubileumsburger frå Bistro to Kokker: Per Bergli
- 600 poeng og vinn gåvekort på Coop Extra: Connie Helene Svortevik Osland
- 800 poeng og vinn gåvekort på Coop Extra: Inger Elise Grotle
- 1000 poeng og gåvekort Lille Marked: Bjarne Trondsen
Vi har gjort det samme for dei under 18. Her er vinnarane:
- 50 poeng og vinn Barnas Turlag sekk: Arian
- 100 poeng og vinn Barnas Turlag sekk: Mattis
- 150 poeng og vinn gåvekort: Lukas
- 200 poeng og vinn gåvekort: Rakel
Gratulerer, vi sender dykk ein mail! 🎉
Dei som tok alle
I år var det 13 stk. som skreiv seg inn i den eksklusive lista over 64/64 turmål. Desse er:
- Kim Are Jacobsen
- Stig Solheim
- Sigbjørn Stenseth
- Eva Bergstrøm
- Vibeke Mowatt
- Elin Sæther Standal
- Åsmund Midtbø
- Irene Guddal Hansen
- Bjarne Trondsen
- Thea Solheim
- Odd Arne Langedal
- Reidun Devik
- Reidar Holm Hansen
De imponerar - og premie kjem dykkar veg!
Elles synes vi det er så inspirerande å høyre om alle dykk som har blitt litt sprekare på grunn av poengsamlinga, og de som finn nye turmål på grunn av appen. Vi håper turgleda vedvarar!