Kurs, dugnad og andre turlagsaktivitetar
Oversikt over kommande aktivitetar i 2026. Fellesturar finner du på vanleg plass i menyen.
Kurs:
24. februar - Turleiarkurs tirsdag kl. 19:00. Sted: Sørstrand Folkepark. Meir informasjon finner du aktivitetskalenderen.
5. mars - Grunnleggande førstehjelpskurs for turledere. Torsdag kl. 17:00-21:00. Sted: Sørstrand Folkepark. Meir informasjon finner du i aktivitetskalenderen.
11.-12. april - NF grunnkurs i førstehjelp i friluftsliv. Sted: Røde Kors Hytta på Langeland i Førde. Gjennom praktiske øvingar og diskusjonar vil gruppa løyse realistiske situasjonar og få erfaring med pasientbehandling i fjellet. Meir informasjon finner du på aktivitetskalenderen.
18.-19. april - Grunnleggjande turleiarkurs. Sted: Røde Kors Hytta på Langeland i Førde. Meir informasjon finner du på aktivitetskalenderen.
5. mai - Sti- og merkekurs (digitalt). Ope for alle frivillige frå alle DNT-foreiningar. Frå klokka 19:00-21:00. Gratis. Påmelding og meir informasjon finner du i aktivitetskalenderen.
26.-28. juni - Kurs i teknikkar til bruk ved restaurering av vandresti. Dette er ein praktisk og fagleg innføring i restaurering og forsterking av vandrestiar. Kurset tek utgangspunkt i reelle utfordringar knytt til slitasje, erosjon, vasshandtering og kanaliseringsproblem slik ein finn i mykje brukte stiar i fjell- og utmarksområde. Oppmøtestad på Kjelstad Feriehytter i Kalvåg, Bremanger, kl. 16:00. Påmelding og meir info finn du i aktivitetskalenderen.
Dugnad:
28. februar - Dugnad på det gamle skulebygget på Askrova, dette blir ei framtidig DNT-hytte.
22. april - Flora Turlag inviterer til vår-dugnad på Prestholmen. Vi skal rydde inne slik at naustet blir klar for ny sesong med yrande aktivitet, og utendørs etter ein lang vinter med mykje vær og vind. Ta med godt humør, og kanskje ei hagesaks eller liknande. Turlaget stiller med kaffi og vaffelsteiking. Oppmøtestad på Prestholmen kl. 18:00-21:00. Påmelding og meir info finn du på aktivitetskalenderen.
Anna:
23. februar - Fiksekveld med Florø Husflidslag, mandag kl. 19:00. Sted: Furuholmen. Meir informasjon finner du aktivitetskalenderen.
30. mai - Jubileumsfeiring på Sørstrand Folkepark kl. 12:00-17:00. Flora Turlag fyller 50 år i år, og dette markerer vi med ei stor, inkluderande og familievenleg jubileumsfeiring. Meir informasjon finner du på aktivitetskalenderen.
Ynskjer du å bli turleiar?
Ta kontakt med Hilde Victoria Knudsen på tlf. 95220132, eller på mail kasserar.flora@dnt.no
Se også