Logo
Til DNT.no forside

Kjøp av naust på Prestholmen

Onsdag 11. oktober hadde Flora Turlag ekstraordinært årsmøte. Vi hadde ein sak på agendaen; potensielt kjøp av naust på Prestholmen.

Årsmøtet godkjende vedtaket einstemmig. På grunn av ein formalitet trengte vi bistand frå DNT Sogn og Fjordane. Når dei no også godkjente kan vi med glede meddele at vi har fått oss eit flott naust!

Vi har lenge lett etter ein plass å oppbevare kajakkane våre. Dei står ute året rundt, og det slit på dei. No har vi endeleg ein slik plass. I tillegg er naustet på Prestholmen meir enn berre kajakkoppbevaring. Det er ein stad å samlast, ein stad å utforske fjøra, ein stad kvar vi endeleg kan oppbevare alle tinga våre, og ein stad som vil utvikle vårt tilbod. At Prestholmen i tillegg er den perfekte lokasjonen for å padle ser vi veldig lyst på. Vi har eit kajakkmiljø i vekst, og dette vil styrke det yttelegare. 

Å ha tilgang til ein slik stad trur vi vil bidra til at fleire av medlemmane våre brukar meir tid utandørs. Her kan ein enkelt vere i fysisk aktivitet og oppleve naturen på nært hald. Det kan også auke aktiviteten for padling og kystfriluftsliv for born, unge og vaksne i et trygt og sikkert miljø.

I tillegg er naustet lett tilgjengelig. Med små grep kan vi gjere det fult framkommeleg med rullestol og barnevogn. 

DNT satsar på kysten

DNT har laga ein eigen handlingsplan for kysten, 2021-2024. Planen er deira første handlingsplan for kyst og kystfriluftsliv.  Handlingsplanen setter tydeleg retning for korleis DNT skal jobbe med kyst- og vannfriluftsliv dei neste årene. Her står det blant anna: 

  • ​​​​​​​Naust, kajakkgrupper og kysthytter er eksempler på små friluftsarenaer som kan tilgjengeliggjøre naturopplevelser og bidra til økt aktivitet langs kysten.
  • DNT bør jobbe for en større satsning på sammenhengende turruter langs kysten, både for folk som går, padler og ror.
  • Padling, utstyrsutlån, kurs, fellesturer og strandrydding. Potensialet er stort hvis DNT satser helhetlig og koordinert på kyst- og vannaktiviteter.
  • Gjennom å utvikle større friluftsarenaer for kystfriluftsliv, vil DNT kunne tilby noe som svært få andre kan tilby.


​​​​​​​Sjå heile planen her.

 

Formalitetar og hjelp frå DNT Sogn og Fjordane 

Berre nokre dagar før årsmøtet hadde vi møte med Kinn kommune, Vestland fylkeskommune og DNT Sogn og Fjordane ved dagleg leiar og styreleiar. Der fekk vi informasjon om at på grunn av nye direktiv i departementet kan ikkje lokale turlag i DNT søke om spelemidlar til friluftslivanlegg. Det var derfor ønskeleg at DNT Sogn og Fjordane er ansvarleg eigar og søkjar av tiltaket. DNT Sogn og Fjordane inngår ein driftsavtale med oss, der ansvaret for all framtidig drift, vedlikehald, og utgifter som dette medførar, skal ligge hos Flora Turlag. DNT Sogn og Fjordane skal ikkje ha økonomiske eller driftsmessige forpliktelsar inn i prosjektet.

Nytt forslag til vedtak blei difor:

Flora Turlag sitt ekstraordnære årsmøte pr. 11.10.23 vedtek å stille dugnadsverdi på minimum 50 000,- basert på kostnadskalkyle pr. 11.10.2023 for å realisere bygget som planlagd innanfor kostnadsramme. Flora Turlag løyver kr 2 400 000,- av eigne midlar inklusiv innsamla midlar frå lokalt næringsliv til øyremerka tilskot til DNT Sogn og Fjordane for kjøp av bygningsmassen på gbr./nr. 28/146/103/111/114. 


Vedtaket blei einstemmig godkjent.  

Vedtaket var gyldig under føresetnad av at DNT Sogn og Fjordane fattar styrevedtak om å ta imot øyremerka pengegåve og etablere dette som skissert med punkta over. Det gjorde dei torsdag 13/10.

Her finn du saksdokumenta: 

Presentasjon frå møtet
Referat frå møtet
Oversikt økonomi
Referat styremøte DNT Sogn og Fjordane


Vi gler oss over endeleg å ha ein samlingsstad, og kan ikkje vente med å ta fatt på dei mogelegheitene som naustet byr på. 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem