Digital hyttebestilling på plass på hyttene til Flora Turlag
Vi har omsider fått på plass digital booking på alle hyttene til Flora Turlag. No kan du enkelt skjekke tilgjengelegheit på kvar hytte, og booke akkurat den senga du vil ha.
Enklare for deg – og enklare for våre hytteansvarlege. Du kan betale med Vipps om du vil, og det er lett å avbestille og få pengane igjen.
Du må vere på hytta innan klokka 21.00 den dagen du har booka. Klokka ni går senga vidare dersom det skulle vere andre på hytta. Dette er vanlege DNT reglar. Om du tar turen uten å ha bestilt, vil det alltid vere moglegheit for overnatting.
Booke heile hytta?
Ønsker du å bestille heile hytta? Det kan du! Men då må du fortsett ta kontakt med oss – eller hytteansvarleg.
Vi har mange flinke dugnadsfolk som jobbar knallhardt med å gje dykk eit strålande tilbod. Både nært sjøen og høgt til fjells. Vi håpar at den digitale bookinga gjer det enklare å nytte seg av våre tilbod, og at de vil bruke hyttene våre endå meir.
Velkommen på Børabu, Blåbrebu, Gjegnabu og Kinn!