Praktisk informasjon om turane
Generelt om turane
Turane er for alle som er i form til å gjennomføre i vanleg turtempo. Deltaking skjer på eige ansvar. Turane varar normalt frå 3 til 6 timar inkludert nistepause ute, så ta med mat og drikke. Påmelding til turane er berre påkrevd der det er informert om dette i turkalenderen.
Transport og samkøyring
For å unngå meir bilkøyring enn nødvendig tilrår me samkøyring. Dette gjer det óg enklare for dei som ikkje disponerer bil til å bli med.
Mange av turane har fast oppmøteplass. Kontakt turleiar dersom du treng meir informasjon, eller følg med på nettsida til turlaget.
Førstehjelp og tryggleik
Det skal vere trygt å gå på tur med Sotra Øygarden Turlag.
Alle turleiarane har gjennomført førstehjelpskurs og har alltid med seg førstehjelpsutstyr på tur.
Me understreker at alle deltakarar er sjølv ansvarlege for å ivareta eigen tryggleik. Ta gjerne kontakt med turleiar på førehand dersom du er usikker på om turen er eigna for deg. Dersom du har spesielle behov som kan få innverknad på turen må dette meldast til turleiar før turen startar.
Det er alltid to turleiarar med på våre turar. Førsteturleiar går framst i turfølgjet og andreturleiar går bakerst. Turleiarane kan ikkje ta ansvar for deltakarar som går frå gruppa. Vis omsyn til andre turdeltakarar og hjelp gjerne dei rundt deg dersom det trengs.