Frivillig i Sotra Øygarden Turlag
Sotra Øygarden Turlag vert drifta av frivillige. Me arbeider for å skape eit godt miljø for det enkle, tradisjonsrike og naturvenlege friluftslivet i Øygarden. Det frivillige arbeidet knyttar oss saman til en vennegjeng, og me har varig glede av det me får til saman.
Bli frivillig?
Som frivillig blir du ein del at eit sosialt felleskap der du kan bidra som frivillig innan mange forskjellige område. Nokre frivilligområder kan vere å merke stiar, ta folk med ut på tur, tilsyn på dagsturhytta vår, holde kurs, bli med i styret eller gje barn og vaksne gode naturopplevignar.
Du treng ingen forkunnskap som frivillig. Du vil få god opplæring og alle utgifter vert dekka.
Har du lyst til å delta i det frivillige fellesskapet? Då kan du melde deg i frivilligregisteret til Bergen og Hordaland Turlag. Sotra Øygarden Turlag får melding om alle som melder seg her.
Bli med på dugnad?
Dugnadsgruppa vert styrt etter behov. Me har ei Facebookgruppe der me oppretter arrangement etterkvart som me planlegger dugnad.
Ein treng ikkje å vere tømrar for å bli med oss på dugnad. Det er fleire oppgåver i ein dugnadsjobb. Alle som har lyst til å bidra er velkomne. Me treng hjelp til både bæring av materiale og til å skru i skruer i kloppene ute i feltet. Om du vil bidra med bollar og kaffe er det også kjærkoment.
Me har alltid med nokon med erfaring som kan rettleie i dugnadsjobben.
Gå til Facebookgruppa her om du vil bli med på dugnad med oss.
Bli turleiar?
Nokre frivillige ynksjer å ta steget vidare og tar turleiarutdanning. Denne utdanninga er delt inn i fleire nivå, og ein velgjer sjølv kor mange nivå ein vil ta.
For å kunne vere turleiar i Sotra Øygarden Turlag er det krav om å ha dei to første modulene i turleiarutdanninga:
- Ambassadørkurs
- Nærturleiar / eller grunnleggjande turleiar
Les meir om turleiarutdanninga her:
Informasjon til aktive frivillige og turleiarar
Her finn du all informasjon du treng når du er aktiv som frivillig og eventuelt turleiar i Sotra Øygarden Turlag. Me nyttar ordninga til Bergen og Hordaland Turlag. Under maler for frivillige finn du mellom anna reiserekning, risikovurdering m.m.
Samleside for frivillige og turleiarar
Her kan du registrere dugnadstimer