Logo
Til DNT.no forside
Person på tur langs klipper ute i havgapet. Sol og sjø. Foto

Om oss i Sotra Øygarden Turlag

Sotra Øygarden Turlag er eit lokallag som vert drifta av frivillige.  Me har fleire turgrupper som arrangerer turar kvar veke. For dei som likar å gå tur aleine har me Kystpasset med mange gode turforslag.

Publisert: 05. mai 2023
Om DNT

Formål

Formålet for dei lokale turlaga vil vere det same som for Bergen og Hordaland Turlag. Visjon er ”Naturopplevingar for livet” og ei sentral målsetjing er å få flest mogleg ut på tur.

Kontakt oss

E-post: sotraoygarden.turlag@dnt.no 

Tlf: 40894853 (etter kl. 17:00 i kvardagar, 10:00-15:00 i helgene) 

Postadresse: Grøndalen 9B, 5357 FJELL

Besøk vår Facebookside

Styret

Styreleiar:

Heidi Reisegg Endal 

E-post: sotraoygarden.turlag.leiar@dnt.no

Nestleiar: 

Vidar Tverfjell 

E-post: sotraoygarden.turlag.nestleiar@dnt.no

Kasserar: 

Lars Bjoland 

E-post: sotraoygarden.turlag.kasserer@dnt.no

Øvrige styremedlemar: 

Helene Kleppe (skrivar) 

Torill Algrøy (styremedlem) 

Ida Rafos (styremedlem) 

Anne-Liv Foldnes Bjørsvik (varamedlem) 

 

Valnemnd

Rune Alvsaker Erichsen 

Vedtekter

§ 1 Formål
Sotra Øygarden Turlag er eit lokallag av Bergen og Hordaland Turlag og skal samordne verksemda med Bergen og Hordaland Turlag. Sotra Øygarden Turlag skal arbeide for eit aktivt og sikkert, enkelt og naturvennleg friluftsliv i områda som har tilknyting til Sotra Øygarden Turlag si verksemd.

§ 2 Arbeidsområde og medlemsområde
Sotra Øygarden Turlag inngår avtale med Bergen og Hordaland Turlag der organisatoriske forhold, gjensidige forpliktingar og lokallaget sitt medlemsområde og virkeområde er vist til.

Medlem av Sotra Øygarden Turlag er og medlem av Bergen og Hordaland Turlag/DNT innanfor det avtalte medlemsområdet.


Medlemskontingenten vert fastsett av Bergen og Hordaland Turlag.

Medlemskontingenten vert fordelt mellom Sotra Øygarden Turlag og Bergen og Hordaland/DNT sentralt etter ei fastsett fordelingsnøkkel.

§ 3 Årsmøte
Årsmøte må haldast innan 20.februar. Det skal kallast inn til årsmøtet med minst 14 dagars varsel. Framlegg til Årsmøtet må vere styret i hende innan utgangen av desember månad. Berre saker som er med i innkallinga kan handsamast på Årsmøtet. Årsmøtedokumenta skal vera tilgjengeleg på lokallaget si heimeside frå det tidspunkt Årsmøtet er gjort kjent. 


Årsmøtet handsamar:

Årsmelding
Revidert Regneskap *
Budsjett for inneverande år.
Framsette forslag
Val på:Leiar for 1 år
Styremedlemar for 2 år
Revisor for 1 år
Valkomitémedlemmar for 3 år.
For å sikre kontinuitet skal det søkast å få ein fordeling som gjer at ikkje meir enn halve styret blir skifta ut same år.

Valkomité må arbeide for at styret får ein spreidd geografisk og aldersmessig samansetning.

For medlemmar som ikkje kan til å stille på Årsmøtet er det høve til å gje stemmeretten til eit anna medlem som er tilstades på Årsmøtet. Det må i så fall gjerast skrifteleg, og skrifteleg løyve frå fråverande medlem må leggjast fram på Årsmøtet.

Alle medlemmar frå fylte 15 år og eldre har stemmerett.

Dersom minst eitt medlem med stemmerett krev det, skal avstemming vere skriftleg. Blanke stemmer blir ikkje telt.

* Det er ikkje krav til autorisert revisor, men rekneskapen skal vere revidert før det vert kalla inn til Årsmøtet. 

Etter handsaming skal Årsmøtedokumenta sendast til Bergen og Hordaland Turlag .

§4 Ekstraordinært Årsmøte
Etter vedtak i styret eller etter skriftleg krav frå minst 10 % av medlemmane skal det haldast Ekstraordinært Årsmøte.

Ved ekstraordinært Årsmøte skal dette kallast inn til med minst 14 dagars varsel. Dei saker som skal handsamast skal det vere informert om i denne innkallinga.

All dokumentasjon som vedkjem det ekstraordinære årsmøtet skal vere tilgjengeleg når dato og tid for møtet vert gjort kjent for medlemmane.

§5 Styret
Sotra Øygarden Turlag vert leia av eit styre.

Styret vert kalla inn til møte av leiar eller av 2 styremedlemmar i fellesskap.

Styret som vert valt av Årsmøtet skal bestå av ein styreleiar og normalt inntil 6 styremedlemmar. Ved spesielle behov kan dette talet utvidast.

Styreleiar vert valt på Årsmøtet for 1 år.

Dei andre styremedlemmane vert valt på Årsmøtet for 2 år.

Medlemmar i styret kan utan avbrot maksimalt inneha styreverva samanhengande i 8 år.

Styret konstituerer seg sjølv, men vervet som kasserer og som leiar skal ikkje vere den same personen.

Styret kan fatte vedtak når minst 50%+1 av medlemmane stemmer for vedtaket.

Styreleiar saman med eit styremedlem pliktar Sotra Øygarden Turlag med si underskrift.

§ 6. Arbeidsgrupper
Til å hjelpe til med arbeidet kan styret organisere undergrupper (arbeidsgrupper). Undergruppene er ansvarleg ovanfor styret. Ein representant frå styret er kontaktperson for kvar undergruppe. Styret peikar kvart år ut medlemmer til undergruppene.

§7 Valkomité
Årsmøtet skal velje ein valkomité på tre medlemmer for 3 år om gangen. Valkomiteen vel sjølv sin leiar. Det skal søkas å ha kontinuitet i valkomité, slik at ikkje alle medlemmar skiftast ut samtidig.

Valkomiteen finn kandidatar til styreleiar, styremedlemmar og revisor, og kan foreslå kandidatar til valkomité. Medlemmar av lokallaget som er fylt 15 år eller eldre kan komme med forslag til kandidatar.

Forslag til kandidatar skal komme inn til valkomiteen innan utgongen av desember.

Seinast 14 dagar før Årsmøtet skal valkomiteen leggje fram si liste med kandidatar for det kommande valet.

§8 Vedtektsendringar
Endring av vedtektene skal godkjennast av minst 2/3 av dei med stemmerett på Årsmøtet. Blanke stemmar telles ikkje. Forslag på vedtekstendringar må først har vore til uttale i styret i Bergen og Hordaland Turlag. Forslag til vedtektsendringar må vere komen fram til styret innan utgongen av desember.

§9 Oppløysing av laget
Oppløysing av Sotra Øygarden Turlag må verte vedteken av to årsmøter og minst 3/4 av dei med stemmerett på årsmøte eller ekstraordinært årsmøte må stemme for oppløysing av laget.

Ved oppløysing skal laget sin formue og eigedelar overførast til Bergen og Hordaland Turlag.

Årsmelding Sotra Øygarden Turlag

Her finn du alle årsmeldingane til Sotra Øygarden Turlag 

Økonomi

Her finn de oversikt over rekneskap og budsjett (blir oppdatert). 

Resultatrapport 2023 

Resultatrapport for prosjekter 2023

Balanserapport 2023

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Turer og kurs i BHT
Personaltur til Solrenningen, 12.–13. september 2023.
Turer og kurs i BHT
Turtips på Vestlandet
Grottetur til Telavåg på Sotra, april 2020.
Turtips på Vestlandet