Logo
Til DNT.no forside

Årets 5-/7-Fjellstur på Bømlo

Set av 12.Mai. Dato for årets 7-/5-Fjellstur på Bømlo nermar seg.

Publisert: 04. mars 2024
Artikkel

7-/5-FJELLSTUREN PÅ BØMLO, 12. Mai

7/5-Fjellsturen er vårens vakraste turmarsj på Bømlo og blir arrangert kvart år av Bømlo Turlag, andre søndag i mai. Deltakarane på 7-fjellsturen fylgjer ein dagsmerka løype over dei 7-toppane: Mælandsåta, Grimsfjellet, Ljosundfjellet, Vardafjellet, Tormodsætersåta, via Ersland Gard til Furefjellet og Siggjo. Turen er tilsamen 18 km og har ein stigning på 1433 meter. Deltakarane på 5-fjellsturen går dei første 5 toppane, mad avslutting og forfriskningar på Ersland Gard. Det er arrangert med returtransport på begge alternativa.

 

SLIK KAN DU KJØPA STARTKORT TIL 7/5-FJELLSTUREN PÅ BØMLO

Du kjøper startkort på mobil i trimpoeng-appen når du skal gå sjølv og Du registrerer inn fjelltoppane på eigen mobil. Skal du gå saman med fleire utan eigen mobil, må du kjøpe startkort til deltakarane utan eigen mobil på nett. Det er og mogleg å kjøpa startkort i papir og få klipp som i "gamle"-dagar.

7 Fjells:
1. steg: KJØP STARTKORT TIL DEG SJØLV I TRIMPOENG-APPEN 

5 Fjells:
1. steg: KJØP STARTKORT TIL DEG SJØLV I TRIMPOENG-APPEN 

_______________________________________________________________________

Skal du kjøpa start kort til andre enn Deg sjølv? Eller til fleire som ikkje har eigen mobiltelefon? Slik kjøper du start kort til årets 7/5-Fjellstur.

7 Fjells:
2. steg: KJØP STARTKORT TIL DELTAKERE SOM IKKJE HAR EIGEN MOBIL PÅ NETT HER 

5 Fjells:
2. steg: KJØP STARTKORT TIL DELTAKERE SOM IKKJE HAR EIGEN MOBIL PÅ NETT HER 

Me håpar dei aller fleste kjøper startkort på mobilen, men ynskjer Du likevel å kjøpa startkort i papir? - da er dette mogleg i sekretariatet søndag morgon.

4-7 timars turmarsj, frå Bremnes (Svortland Skule) via Ersland Gard, til Siggjo. Ca 18 km, 1350 høgdemeter.

 

Dette er ein turmarsj, med ikkje alt for uoverkommelege fjell, men er likevel utfordrande nok for dei fleste i det kuperte Bømla-terrenget. Naturen vekslar frå lynghei, furu/gran skog til fjellterreng. Fantastisk utsikt frå Siggjo over heile Sunnhordland. Rundt 300 deltek årleg. For å delta må du lasta ned appen

på telefonen din. Her registrerer du start og alle insjekk , samt målgang. Påmelding og betaling skjer også via appen, eller via linken nedanfor her.

 

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Turer og kurs i BHT
Personaltur til Solrenningen, 12.–13. september 2023.
Turer og kurs i BHT
Turtips på Vestlandet
Grottetur til Telavåg på Sotra, april 2020.
Turtips på Vestlandet
PÅMELDING 7-fjellstur, Bømlo
PÅMELDING 7-fjellstur, Bømlo
PÅMELDING 5-Fjellstur, Bømlo
PÅMELDING 5-Fjellstur, Bømlo