Barnas Turlag
Barnas Turlag på Bømlo tilbyr uteaktiviteter og opplevinger for barnefamilier. Bli med og la barna lære å bli glad i naturen.
Barnas Turlag er DNT sitt tilbod til barn og barnefamiliar. Barnas Turlag Bømlo inviterar til ulike uteaktivitetar heile året. Me ynskjer å ta heile Bømlo i bruk, og vil leggja til rette for aktivitetar i friluft og positive naturopplevingar for barn og barnefamiliar.
”Kom deg ut- dagen” er ein nasjonal friluftsdag og vert arrangert i februar og september kvart år. Me håpar også å kunne ta initiativ til meir spontane turar. Informasjon om desse arrangementa vert lagt ut på Barnas Turlag Bømlo si Facebook-side.
Dersom du ynskjer å engasjere deg i Barnas Turlag Bømlo eller har du ein ide eller eit turforslag som me bør ha kjennskap til, set me pris på om du kontaktar oss på: barnas.turlag.bomlo@dnt.no
Eller Barnas Turlag Bømlo på Facebook og Instagram
Leiar i Barnas Turlag Bømlo:
Ragna Alvsvåg Folgerø
Tlf 456 13 221