Seniorgruppa
Er du senior eller sprek pensjonist ? Det er ingen grunn til å sittja heime. Sjå seniorgruppa sitt turprogram for våren-25, nedanfor.
Seniorgruppa arrangerer turer på dagtid. Dette er ein god møteplass med sterk vekt på det sosiale og det fysiske. Seniorgruppa er blitt svært populær og er etter kvart den gruppa med størst aktivitet i laget. Aktiviteten i gruppa er delt inn i tre kategorier. Alt etter kva nivå eller kor krevjande tur ein ynskjer. For 2025 er det planlagt omlag 60 turar. Detaljert turprogram vert kunngjort i eige turprogram og på turlaget si facebookside .
Alle lokale dagsturer er gratis, men du betaler for skyss om du haiker med nokon andre.
Seniorgruppa tilbyr turar i fire ulike kategoriar:
Aktiv til 100 (lett tur) Onsdager i oddetallsveker: Gapahuk Stangervåg
Start: Brubakken kl 10.00 Kontaktperson: Harald Fadnes (tlf. 91348499)
Seniortur grønt nivå (Enkel) Tysdag i partallsveker:
Enkle turer som ikkje krever spesielle ferdigheter. Under 300 hm/5 km
Start: Svortland skule kl 10.00
Kontaktperson: Martin Solnes tlf. 900 45 695
Seniortur blått nivå (middels krevende) i oddetalsveker.
Middels tur normalt ikkje over 600 hm/10 km. Start på parkeringsplassen ved Svortland skule kl 1000
Kontaktperson: Martin Solnes 900 45 695
Friskus Tur (Krevande) Fredag i partalsveker
Gjerne litt lengre og krevande turar for turvante. Møt opp kl. 10:00 ved Svortland Skule. Turane vert kunngjort på facebookgruppa frå gong til gong.
Kontaktpersoner: Alf Kr Selle, tlf 951 65 853
Friskusgruppa sine turar vert kunngjordt på eiga facebookside