Årets 5-/7-Fjellstur på Bømlo
HAR DU MELDT DEG PÅ? Sett av Søndag 10.Mai. Dato for årets 7-/5-Fjellstur på Bømlo nærmer seg. Unngå kø ved å forhåndsregistrere deg i TRIMPOENGAPPEN. Shuttlebuss frå Svortland skule til startpunkt ifra kl 0745-1000
7-/5-FJELLSTUREN PÅ BØMLO, 10. Mai
7/5-Fjellsturen er vårens vakraste turmarsj på Bømlo og blir arrangert kvart år av Bømlo Turlag, andre søndag i mai. Deltakarane vert fortløpande transportert til start på Grøvle og Ersland med målpassering i sekretariatet på Bremnes. Deltakarar som er forhåndsregistrere kan gå rett på shuttlebussen som køyrer ifrå Svortland skule fra kl 0745-1000. Deltakarane på 7-fjellsturen fylgjer ein dagsmerka løype over dei 7-toppane: Siggjo-Furufjellet-Tormodsætersåta-Vardafjellet-Ljosurfjellet-Grimsfjellet-Store Melandssåta. Turen er tilsamen 18 km og har ein stigning på 1433 meter. Deltakarane på 5-fjellsturen går dei siste 5 toppane, mad start frå Ersland.
Deltakarane som går alle 7 fjell, får forfriskningar og vatn på Ersland gard. Det vert også drikke og forfriskningar i målområdet ved Maurtua Barnehage for alle deltakarane.
FAMILIE: Du kan løysa familiebillett i sekretariatet. Då betaler du for to vaksne og eigne barn/barnebarn under 16 år, er inkludert.
SLIK KAN DU KJØPA STARTKORT TIL 7/5-FJELLSTUREN PÅ BØMLO
Du kjøper startkort på mobilen i trimpoeng-appen når du skal gå sjølv og Du registrerer inn fjelltoppane på eigen mobil. Skal du gå saman med fleire utan eigen mobil, må du kjøpe startkort til deltakarane utan eigen mobil på nett. Det er og mogleg å kjøpa startkort i papir i sekretariatet og få klipp som i "gamle"-dagar.
7 Fjells:
1. steg: KJØP STARTKORT TIL DEG SJØLV i TRIMPOENGAPPEN. Etter å ha lasta ned appen på telefonen din og registrert deg. Søkjer du i konkuranser etter 7-Fjellstur på Bømlo

5 Fjells:
1. steg: KJØP STARTKORT TIL DEG SJØLV I TRIMPOENGAPPEN. Etter å ha lasta ned appen på telefonen din og registrert deg. Søkjer du i menye konkuranser etter 5-Fjells tur på Bømlo

_______________________________________________________________________
Skal du kjøpa start kort til andre enn Deg sjølv? Eller til fleire som ikkje har eigen mobiltelefon? Slik kjøper du start kort til årets 7/5-Fjellstur.
7 Fjells:
2. steg: KJØP STARTKORT TIL DELTAKERE SOM IKKJE HAR EIGEN MOBIL PÅ NETT HER
5 Fjells:
2. steg: KJØP STARTKORT TIL DELTAKERE SOM IKKJE HAR EIGEN MOBIL PÅ NETT HER
Me håpar dei aller fleste kjøper startkort på mobilen, men ynskjer Du likevel å kjøpa startkort i papir? - da er dette mogleg i sekretariatet søndag morgon.
Se også