
Opning av utstilling og fjellhage ved Gjendesheim søndag 22. juni
Det skal nå etableres ein fjellhage og utstilling ved Gjendesheim - i den vakre skråninga ned mot Gjende.
Fjellhagen får sin plass nær bysten av Hanna Resvoll-Holmsen, som vart avduka her i 2009. Den gongen var det Hanna sitt utrettelige arbeid for å vern av Gjendevassdraget som vart lyft fram.
Det er gledelig at vi no også skal gje plass til ein fjellhage, for å formidla kunnskap om plantar og blomar i fjellet, seier bestyrer Marius Haugaløkken på Gjeindesheim.
- Og det er stas at vi skal få bidra til å lyfta fram historia om det viktige arbeidet til pinonersystrene Thekla Resvoll og Hanna Resvoll-Holmsen frå Vågå.
Dei to har satt betydelige spor etter seg innan både fjellplantar, naturvern og kvinnesak - og det er viktig å formidla deira historie, avsluttar han.
Velkommen til arrangement på Gjendesheim
Søndag 22. juni kl 1600-1730
Program:
- Enkel servering ved frammøte
- Programleiar: Erik Lillebråten - Direktør for Norsk Kulturarv
- Opning av ordførar i Vågå, Harald Sve Bjørndal
- Professor emerita ved Senter for kvinne og kjønnsforskning Anka Ryall og professor i filosofi ved Institutt for pedagogikk, UiO Inga Bostad, inspirerar til kunnskap og nysgjerrigheit om pionersystrene Thekla og Hanna Resvoll- Holmsen
- Felespel ved Vågåjenta Vilde Vårdal
- Offisiell opning av fjellhagen og ei kort tale ved Jan Erik Reiten, DNT Oslo og Omegn
- Avslutning ved Erik Lillebråten
💚Åpent arrangement - alle er velkommen!
🌻Utstillinga er kurert og gjeve av Unn Bostad
Middag er å få kjøpt på Gjendesheim kl 1900,
ved bestilling på forhånd.
Bli bedre kjent med historia til pionersystrene frå Vågå:
Om Thekla Resvoll i Store Norske Leksikon
Om Hanna Resvoll-Holmsen i Store Norske Leksikon

Hanna Resvoll-Holmsen reddet Gjende!
I år er det 100 år siden Stortinget vedtok å verne Gjende og Sjoa vassdraget. Takket være Hanna Resvoll-Holmsen sin mangeårige kamp.
Les videreSe også

