Fannaråkhytta er Noregs høgstliggande DNT-hytte, på 2068 moh. Få toppar kan konkurrere med Fannaråkens utsikt. Toppen er den høgaste plassen i Nord-Europa der ein både kan få servert middag og overnatte. Fannaråkplatået er svært vêrhardt og i snørike vintrar er bygningane ofte heilt borte under snøen. Hytta er berre open i somarmånadene, frå slutten av juni til starten av september.