
Breføring over Fannaråkbreen
For å komme deg opp til Fannaråkhytta er det mulig å krysse Fannaråkbreen. Vi fører over breen i sommersesongen, og stiller både med guide og utstyr.
Påmelding
For påmelding til breføring send e-post til Fannaråkhytta senest to dager før.
Vi trenger navn og telefonnummer på ein i turfølget, antall personer, dato og om dere skal gå opp eller ned breen.
Melder du deg på seinare enn to dagar før, må du ta direkte kontakt på telefon til Fannaråkhytta.
Skal du bu på Sognefjellshytta kan du melde deg på breføring direkte til Sognefjellshytta.
Praktisk info
- Vi stiller med tau, sele og brodder
- Viktig med godt fottøy og bekledning
- Det er mulig å ha med hund
- Av sikkerhetsmessige årsaker tillater vi ikke barn i barnemeis
Pris
Medlem | 200,- |
Ikkje-medlem | 250,- |
Ein betalar på Fannaråkhytta.
Det er same pris for born og vaksne. Nedre aldersgrense 6 år.
Frå Sognefjellshytta, opp breen og til Fannaråken
- Oppmøtestad: Nedre brekant på Fannaråkbreen.
- Oppmøtetid: 12:30
- Tid til breen: Turen frå Sognefjellshytta til nedre brekant tek ca. 2-2,5 timer, og går på T-merka sti. Starter du frå Krossbu må du beregne minst ein halvtime lenger.
Turen fra Sognefjellshytta og over breen er den lettaste vegen til topps, då ein startar i 1430 meters høgde, medan dei andre turane startar på hhv. 850 og 950 meter. Stien frå Sognefjellshytta er T-merka, sjå ruta på UT.no. Ver obs på skilting allereie ved hytta. Stien går fyrst langs vegen mot Turtagrø, og tar så av sørover (til venstre når ein kjem frå Sognsfjellshytta). Det er mogleg å havne på feil sti om ein ikkje følgjer litt godt med i starten, men det er skilta og merka godt. Rett etter kyssing av elva som renn ut i austsida av Prestesteinsvatnet, gå vestover (til høgre) og følg stia langsmed sørsida av vatnet. Ved nedre brekant møter ein breførar. Turen over breen tek normalt 1-1,5 timer. Deretter kjem ein inn på T-merka sti, og derfra er det 400 høgdemeter og 2 km til toppen. Alt mellom klokka 16.00-18.00 er normal tid å komme fram til hytta på toppen!
Frå Fannaråken, ned breen og til Sognefjellshytta
- Oppmøtestad og oppmøtetid: Informasjon om dette får du dagen før eller samme dag av betjening på Fannaråkhytta.
- Tid til breen: Turen frå Fannaråkhytta til avtalt oppmøtepunkt tek rundt ein time. Rådfør deg med vertskapet på Fannaråkhytta om kor lang tid du bør beregne.
Frå Fannaråkhytta til øvre brekant følgjer ein T-merka sti mot Skogadalsbøen. Etter ca. 1-1,5 time møter ein eit skilt om breføring på 1700 moh. Her møter ein breføraren. Når ein skal vere med over breen frå Fannaråkhytta får ein med seg sele og evt. anna utstyr frå hytta. Normalt er me ved nedre mellom klokka 12-12.30, men det er heller ikkje uvanleg at me kjem ned enda seinare.
Se også

