Prisar og praktisk informasjon
Alle hyttene til Voss Utferdslag, unnateke Rosethytta, er ope heile året.
Skrevet av: Margrethe Alm
Mange tykkjer det er greitt å vita kvar dei skal sova om natta, vera trygg på at det er eit rom som ventar, og at me har seng til deg – og dine. Difor har du høve til å førehandsbestillinga senger på alle hyttene våre.
Her førehandsbestilla senger på hyttene våre
Reglar for førehandsbestilling?
Jepp det har me! Det er viktig at du skriv deg inn i den store blå besøksprotokollen med ei gong du kjem til hytta. Hugs å notera om overnattinga er betalt på førehand.
Gjer krav på senga di før kl 19.00
Det gjer du ved å dukka opp på hytta før kl. 19.00 på fyrste reservasjonsdag. Etter dette tidspunktet kan andre ta sengene.
Betalinga gjeld uansett
Kjem du fram til hytta etter kl. 19.00, gjeld framleis førehandsbetalinga. Men du må altså velgja blant sengene som framleis er ledige.
Betala på hytta?
Har du ikke førehandsbetalt overnattinga, fiksar du enkelt betaling i appen DNT Hyttebetaling eller på Vippsnummeret for hytta. Her finn du prisar og all naudsynt informasjon. Kjøper du noko frå proviantlageret, betalar du også for dette i appen.
Appen DNT Hyttebetaling fungerer også på hytter som ikkje har mobildekning. Vel "Betal senere" i appen og betal så snart du får dekning. Hugs protokollnummer.
Betal hytteoppholdet med mobilen
Last ned betalingsappen "DNT Hyttebetaling" før du skal til fjells. Med appen på mobilen kan du enkelt betale for overnatting og mat på selvbetjeningshyttene.
Ganske full hytte?
Me ynskjer jo å laga plass til alle gjester. Me har ekstra madrasser på hyttene våre, og desse kan leggjast inn på romma, på hemsane og i stova.
Eldre og barnefamiliar
Når hyttene vert fylt opp, ber me deg om vera svært fleksibel om det er eldre eller barnefamiliar blant dei som treng seng for natta.
Zzzz! Hugs utsjekk før kl. 12.00
Er du eit B-menneske? Då må du hugsa på alarmen den dagen du skal reisa. Utsjekk er før kl. 12.00, og då skal rommet du har sove i vera ryddig og reint.
Hugs at du ikkje bur på eit hotell
Hyttene våre er drifta av frivillige eldsjeler, og dei gjer ein formidabel jobb! Men ikkje gjer jobben deira større enn den treng å vera. Som gjest har du ansvar for å rydda og vaska heile hytta, samt toalettet. Er de fleire som overnattar på hytta, fordeler de jobben dykk imellom. Forlat hytta slik du ynskjer at hytta skal sjå ut når du kjem.
Dugnadsdatoar på hyttene våre
Kvart år gjennomfører me dugnader på hyttene våre og her får du oversikt over datoane det er arbeid på hyttene våre. Me legg fortløpande ut informasjon om dugnadsdatoar.
Les viderePrisar på overnatting på Voss Utferdslag sine hytter i 2024
Overnatting | Medlem | Ikkje-medlem |
Vaksne | 330 NOK | 500 NOK |
Skuleungdom (13 - 26 år) |
165 NOK | 320 NOK |
Born 4-12 år | Gratis | 230 NOK |
Born 0-3 år | Gratis | Gratis |
Hund | 115 NOK | 115 NOK |
Prisar på dagsbesøk på Voss Utferdslag sine hytter i 2024
Dagsbesøk | Medlem | Ikkje - medlem |
Per person | 50 NOK | 100 NOK |
Familie | 100 NOK | 200 NOK |
- Teltarar som nyttar hytta etter kl. 18.00 betalar som for full losji
- Det skal betalast for dagsbesøk når ein nyttar opphaldsrom og/eller kjøkken.
Proviant
Voss Utferdslag har tre sjølvbetente hytter: Torvedalshytta, Grindaflethytta og Volahytta.
Her kan du kjøpa ingrediensar til alle måltid, og er du klar for dessert finn du truleg klassikaren fruktcoctail i hyllene!
Proviantliste og prisar
Du kan enten dra til fjells utan å vita kva som ligg i hyllene, eller du kan sjå på proviantlista vår her. Merk deg at hyttene har noko ulikt utval av mat, og alt som står på lista vil ikkje gjelda for alle hyttene.
Ta hensyn til villreinen på tur
Villreinens leveområder er under press. Slik kan du ta hensyn dersom du ferdes i et villrein-område.
Les videre