Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Aktuelt

Sundagstur til Kolingseggi

Grunna dårlege vermeldingar sundag 21. januar vart turen til Kolingseggi flytta fram til laurdag 20. januar.

Publisert: 22. januar 2024
Turreferat
Sundagstur til Kolingseggi
Foto: Audun Hellevang

Åtte personar var med på turen. Me køyrde bil opp i Todalen og starta turen om lag kl 10.00 i flott vinterver. Det var kome mykje nysnø, men me kunne følgja eit skispor opp på høgda mot Singeset.

Resten av turen måtte me brøyta løype sjølv i djup nysnø på om lag 40 cm. Alle var med på å brøyta løype. På veg mot Liaset hadde me flott panoramautsyn over Vossabygda. Framme på stølane om lag kl 13.30 tok me matpausen. No kom snøveret og tåka sigande. Alle var med godt mot og la i veg mot Kolingseggi i vind og snødrev. Tåka var tett på toppen og me såg lite. Me følgde same skisporet ned att til Liaset.

Her opplevde me noko som ein sjeldan ser; brått flaug det opp ni orrfuglar rundt oss. Det var var nesten som me kunne trakka på fuglane. Eit fantastisk syn. Attende til bilane om lag kl 16.30.

Ein flott tur i vekslande ver, mykje nysnø og litt knall og fall.

Me takkar alle deltakarane for ein fin tur

Turleiarane Olav Sognnæs og John Inge Johnsen

 

Gode grunnar til å bli medlem i Voss Utferdslag!

Gode grunnar til å bli medlem i Voss Utferdslag!

Det er mange ulike grunnar til å bli medlem i Voss Utferdslag og DNT. Nokon vil rett og slett støtta arbeidet me gjer med merking og rydding av stiar, nokre nyttar seg av rabatterte prisar på 550 hytter kringom i landet og andre nyttar seg av medlemsfordelane for aktivitetar, kurs og arrangement.

Les videre
Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag