Gode grunnar til å bli medlem i Voss Utferdslag!
Det er mange ulike grunnar til å bli medlem i Voss Utferdslag og DNT. Nokon vil rett og slett støtta arbeidet me gjer med merking og rydding av stiar, nokre nyttar seg av rabatterte prisar på 550 hytter kringom i landet og andre nyttar seg av medlemsfordelane for aktivitetar, kurs og arrangement.
Turen startar med T
Den raude, trygge T’en kjem ikkje av seg sjølv. Voss Utferdslag merkar og vedlikeheld over 400 km med stiar i regionen vår og har ansvar for
kvisting av 50 km vinterløyper.
Les meir om medlemskap og prisar her
Kurs & aktivitetar
Lyst på ny kunnskap? Me har ulike kurs, turar og aktivitetar gjennom heile året. Du får sjølvsagt rabatt som medlem i Voss Utferdslag.
Rabatt på 580 hytter
Som medlem i Voss Utferdslag og DNT får du rabatt på overnatting på alle turistforeningshyttene over heile landet. Visste du at born under 12 år som er medlem overnattar gratis?
Borna sitt Turlag
Borna sitt Turlag har høg aktivitet for tida. Dei skipar til eit mangfald av
gratis aktivitetar for barnefamiliar. Eit medlemskap bidreg til at me kan halda fram med å inkludera alle på aktivitetane våre.
Stølsturane
Dette populære konseptet såg dagens ljos i 2015 og sidan den gong har godt over 100 000 skrive seg inn i bøkene på stølsturane. I 2024 skal me ha 10-årsjubileum for dette gode folkehelseprosjektet.
Vern om naturen
Naturen gjev oss ro og naturen gjev oss energi. Laget arbeider for å verna om naturen slik at komande generasjonar kan oppleva urørt natur.
Medlemsfordelar
• Rabatt på 580 hytter kringom i landet
• Rabatt på turar, kurs og aktivitetar
• Rabattar hjå Skandinavisk Høyfjellsutstyr Voss, Endeve Sport og Sport1 Voss
•20 % rabatt på Wild Voss sine vinterturar og skredkurs.
Bruk rabattkode: VU20
• 15 % rabatt hjå DNT-butikken
• Medlemsrabatt hjå Alfa Sko
• Forsikringsfordelar i Gjensidige
• Medlemsbladet Fjell & Vidde og Sti & Varde
• Rabatt på fjellhyttene til Svenska Turistforeningen
Les meir om ulike medlemskap, gåvemedlemskap og prisar:
dnt.no/medlem