Ofte stilte spørsmål
Her får du svar på ofte stilte spørsmål!
1. Treng eg DNT nøkkel til Voss Utferdslag sine hytter?
- Nei, det treng du ikkje. Alle hyttene, unnateke Rosethytta, er ope heile året.
Når du bestiller Rosethytta får du informasjon om korleis du hentar ut nøkkel.
2. Kva treng eg ta med meg på hyttene til Voss Utferdslag?
- Du må ha med lakenpose eller sovepose.
- Torvedalshytta, Volahytta og Grindaflethytta har proviant. Dei andre hyttene er ubetjent og du må ha med all mat til turen sjølv.
- Alle hyttene har godt utstyrt kjøkkken, gass til matlaging og ved til oppvarming.
3. Må eg bestilla seng for å besøka hyttene til Voss Utferdslag?
Nei, du må ikkje førehandsbestilla seng på hyttene våre, men du kan gjera det om du ynskjer her.
Merk at senga du har bestilt vert fristilt for andre gjester frå kl. 19.00 den aktuelle dagen. Dvs at dersom du kjem fram til hytta etter kl. 19.00 har du ikkje rett på den aktuelle senga du har bestilt.
4. Er det mobildekning på hyttene?
Nei, det er det heldigvis ikkje! Ta deg ein miniferie og nyt det digitalfrie og gode livet på hyttene våre. Det er godt for både kropp og sjel.
På hyttene finn du oppslag for kvar du finn mobildekning.
5. Korleis betalar eg for hyttene til Voss Utferdslag?
Du kan enten førehandsbestilla seng på hyttene våre her, eller betala med Vipps eller DNT sin hytteapp etter opphaldet.
6. Eg har bestilt seng(er) på hyttene til Voss Utferdslag. Kva er avbestillingsreglane?
1. Avbestilling som vert gjort fram til 5 døgn før opprinneleg bestilt ankomstdato, gjev full rett til refusjon
2. Avbestilling som vert gjort seinare enn 5 døgn før opprinneleg bestilt ankomstdato, gjev ingen rett til refusjon.
3. Endringar og avbestilling gjer du sjølv ved å logga inn på «Min side»:
https://my-page.visbook.com/6314/login?lang=en
7. Når gjeld medlemskapet i Voss Utferdslag?
Medlemskapet gjeld for kalenderåret. Blir du medlem i 2024 gjeld medlemskapet til 1. januar 2025.
8. Kvifor skal eg bli medlem i Voss Utferdslag?
Her finn du mange gode grunnar for å bli DNT-medlem