"Bucketlist" med DNT Ung
DNT Ung Voss har no lansert det nye konseptet "Bucketlist"
Sjekk ut den flotte bøtta som me har målt og pynta saman med den gode gjengen i Gryto. Bøtta står ved Voss Aktivitetspark. Her står informasjon om korleis ein blir med på sumarens vakraste eventyr! Del gjerne med ungdom i aldersgruppa 13-25 år.
Om Bucketlist
Bucketlist er eit sjølvgåande konsept utvikla av DNT Ung Voss for alle ungdom i regionen vår. På appen finn ein eit mangfald av aktivitetar som ein kan gjera i perioden 15. juni - 15. september. Ein får poeng for alle aktivitetane som ein gjennomfører ved å dokumentera dei (bilete, tekst, video og gps). Aktivitetane kan ein gjera åleine, saman med vener eller familie.
Døme på aktivitetar er å gå til Lønahorgi (gps), synkronsymjing (video), lag eit måltid ute (bilete/video), besøk Bordalsgjelet (gps), sykkeltur i Bømoen (bilete), gjer noko fint for andre (bilete), sylt i veg (bilete), omtale av ei bok (tekst).
Trekking av flotte premiar
- Alle som har over halvparten av poenga er med i trekninga av tre gåvekort frå Voss Sentrum à 3000 kr.
- Deltakaren med flest poeng får eit gåvekort frå Voss Sentrum til 5000 kr.
- Alle som deltek er med i trekninga av flotte premiar som til dømes tandem fallskjermhopp!
Me vil retta ein stor takk til Sparebanken Vest som har gjeve oss prosjektmidlar til dette konseptet! Desse midlane var heilt avgjerande for at me fekk realisert prosjektet.
Vil også retta ein stor takk til Tunge Ting og Gjeraldstveit Mekaniske som har laga bøtta og hanken for oss.
Hjartebank-midlar frå Sparebanken Vest
Hjarta våre bankar for DNT ung Voss. Tusen hjarteleg takk for den svært rause gåva, Sparebanken Vest!
Les videreAvslutningsfest
Onsdag 25. september kl. 18.00 - 20.00 skal me ha avslutningsfest for Bucketlist i Gamlekinoen. Her vert det trekking av flotte premiar og kakefest!