Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

"Bucketlist" med DNT Ung

DNT Ung Voss har i to år arrangert Bucketlist! Me treng ungdom til å vera med og vidareutvikla konseptet. Er du mellom 13 - 19 år vil me gjerne høyra frå deg.

Published: June 02, 2025
News
Bøttå er på plass nede ved aktivitetsparken på Prestegardsmoen.
Bøtta ved aktivitetsparken på Prestegardsmoen. Photo: Sofie Hagland Børseth

Vil du vera med å arrangera Bucketlist i 2027?
Dette er eit kjekt konsept for ungdommane om sommaren, og me treng frivillige til å vera med å laga aktivitetar til Bucketlist. Ta kontakt med oss om du er nysgjerrig og vil vita meir om konseptet. Send ein e-post til voss.utferdslag(at)dnt.no eller stikk innom kontoret vårt i Bonangergata 6. 

Om Bucketlist

Bucketlist er eit sjølvgåande konsept utvikla av DNT Ung Voss for alle ungdom i regionen vår. På appen finn ein eit mangfald av aktivitetar som ein kan gjera frå juni - august. Ein får poeng for alle aktivitetane som ein gjennomfører ved å dokumentera dei (bilete, tekst, video og gps). Aktivitetane kan ein gjera åleine, saman med vener eller familie. 

Døme på aktivitetar er å gå til Lønahorgi (gps), synkronsymjing (video), lag eit måltid ute (bilete/video), besøk Bordalsgjelet (gps), sykkeltur i Bømoen (bilete), gjer noko fint for andre (bilete), sylt i veg (bilete), omtale av ei bok (tekst). 

Trekking av flotte premiar

  • Alle som har over halvparten av poenga er med i trekninga av kule premiar. 
  • Deltakaren med flest poeng i kvar periode og aldersgruppe er får eit gåvekort frå Voss Sentrum til 2000 kr.

Me vil retta ein stor takk til Sparebanken Vest som har gjeve oss Hjartebank-midlar til å vidareføra dette konseptet. 

Hjartebank-midlar frå Sparebanken Vest
Hjartebank Sparebanken Vest

Hjartebank-midlar frå Sparebanken Vest

Hjarta våre bankar for DNT ung Voss. Tusen hjarteleg takk for den svært rause gåva, Sparebanken Vest!

Les videre

Dette seier ungdommen om Bucketlist

Slik vert du med

1) Last ned appen "Goosechase"
2) Tast inn arrangementkoden:

12-16 år:

1 juni- 6 juli: Z5PFFR
6 juli- 17 august: RETMCU

17-30 år:

1 juni- 6 juli: QXN96D
6 juli- 17 august: 4XENMM


3) Lag ein brukar

Du kan no starta opplevingane!

Share article:
Share via email

See also

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag