Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

"Bucketlist" med DNT Ung

DNT Ung Voss kjem sjølvsagt til å vidareføra konseptet "Bucketlist"

Publisert: 02. juni 2025
Nyheter
Bøttå er på plass nede ved aktivitetsparken på Prestegardsmoen.
Bøtta er på plass nede ved aktivitetsparken på Prestegardsmoen. Foto: Sofie Hagland Børseth

I juni set me ut den flotte bøtta som me har målt og pynta saman med den gode gjengen i Gryto. Bøtta står ved Voss Aktivitetspark. Her står informasjon om korleis ein blir med på sumarens vakraste eventyr!

Om Bucketlist

Bucketlist er eit sjølvgåande konsept utvikla av DNT Ung Voss for alle ungdom i regionen vår. På appen finn ein eit mangfald av aktivitetar som ein kan gjera frå juni - august. Ein får poeng for alle aktivitetane som ein gjennomfører ved å dokumentera dei (bilete, tekst, video og gps). Aktivitetane kan ein gjera åleine, saman med vener eller familie. 

Døme på aktivitetar er å gå til Lønahorgi (gps), synkronsymjing (video), lag eit måltid ute (bilete/video), besøk Bordalsgjelet (gps), sykkeltur i Bømoen (bilete), gjer noko fint for andre (bilete), sylt i veg (bilete), omtale av ei bok (tekst). 

Trekking av flotte premiar

  • Alle som har over halvparten av poenga er med i trekninga av kule premiar. 
  • Deltakaren med flest poeng i kvar periode og aldersgruppe er får eit gåvekort frå Voss Sentrum til 2000 kr.

Me vil retta ein stor takk til Sparebanken Vest som har gjeve oss Hjartebank-midlar til å vidareføra dette konseptet. 

Hjartebank-midlar frå Sparebanken Vest
Hjartebank Sparebanken Vest

Hjartebank-midlar frå Sparebanken Vest

Hjarta våre bankar for DNT ung Voss. Tusen hjarteleg takk for den svært rause gåva, Sparebanken Vest!

Les videre

Avslutningsfest

Det vert avslutningsfest i år også! Meir informasjon kjem. 

Dette seier ungdommen om Bucketlist

Slik vert du med

1) Last ned appen "Goosechase"
2) Tast inn arrangementkoden:

12-16 år:

1 juni- 6 juli: Z5PFFR
6 juli- 17 august: RETMCU

17-30 år:

1 juni- 6 juli: QXN96D
6 juli- 17 august: 4XENMM


3) Lag ein brukar

Du kan no starta opplevingane!

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli Frivillig i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag
Bli medlem i Voss Utferdslag