Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Skaget-tur i herleg vêr 12. juli - Kremtopp 2026

Sol og varme var ramma om rundturen over Skaget denne søndagen, for ei sprek gruppe på ti personar. Dette var dagen før "verste" tropevarmen sette inn, og shorts og t-skjorte var antrekket. Berre på sjølve toppen, som er med i årets Kremtopp-jakt, var det behov for ei tynn jakke utanpå.

Publisert: 20. juli 2026
Skrevet av: Tor Harald Skogheim
Turreferat
Frå toppen av Skaget er det vidt utsyn, her vestover mot Vangsfjell og Jotunheimen.
Frå toppen av Skaget er det vidt utsyn, her vestover mot Vangsfjell og Jotunheimen. Foto: Tor Harald Skogheim

Gåturen starta frå parkerings-/info.plassen ein knapp kilometer før stølane på Storeskag. Etter ein time på god og tørr sti vart det matpause i stidelet like ved den karakteristiske fjellformasjonen Nasen.

Litt småklyving gjer ruta frå vest noko meir spanande enn den frå aust. Foto: Tor Harald Skogheim

Vidare valde vi å gå opp ruta frå vest, som er meir spanande og variert enn den mest brukte frå aust. Ekstra fint var det undervegs å få tidleg og flott utsyn mot Jotunheimen. Også langs denne ruta er det små vardar, men etter kvart oppover er det nokre få punkt der hendene må takast litt i bruk. Turen opp gjekk likevel heilt greitt for alle. Ved toppvarden på 1685 meter er utsynet vidt, mot vidder, vatn og fjell i alle retningar. Vi såg også mot Rondane, sjølv om det var litt disig. Det seiest at i klårvêr kan ein sjå heilt til Gaustatoppen.

Drikkepause tidleg på turen, med Skaget ruvande bak (Nasen t.h.). Foto: Tor Harald Skogheim.

Ned att følgde vi "hovudruta", som etter kvart nedover har ein del parti med nokså laus småstein. Godt var det difor å kome ned på platået fram mot Nasen, der underlaget var lyng, gras og stein. Rett ut for varden vart det triveleg matpause på ei lyngkledd hylle tett på stupkanten, i ly for litt trekk frå nord. Resten av turen gjekk lett på god sti, og vi var nede ved bilane att knappe fem timar etter at vi starta. 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem