Skaget-tur i herleg vêr 12. juli - Kremtopp 2026
Sol og varme var ramma om rundturen over Skaget denne søndagen, for ei sprek gruppe på ti personar. Dette var dagen før "verste" tropevarmen sette inn, og shorts og t-skjorte var antrekket. Berre på sjølve toppen, som er med i årets Kremtopp-jakt, var det behov for ei tynn jakke utanpå.
Written by: Tor Harald Skogheim
Gåturen starta frå parkerings-/info.plassen ein knapp kilometer før stølane på Storeskag. Etter ein time på god og tørr sti vart det matpause i stidelet like ved den karakteristiske fjellformasjonen Nasen.
Vidare valde vi å gå opp ruta frå vest, som er meir spanande og variert enn den mest brukte frå aust. Ekstra fint var det undervegs å få tidleg og flott utsyn mot Jotunheimen. Også langs denne ruta er det små vardar, men etter kvart oppover er det nokre få punkt der hendene må takast litt i bruk. Turen opp gjekk likevel heilt greitt for alle. Ved toppvarden på 1685 meter er utsynet vidt, mot vidder, vatn og fjell i alle retningar. Vi såg også mot Rondane, sjølv om det var litt disig. Det seiest at i klårvêr kan ein sjå heilt til Gaustatoppen.
Ned att følgde vi "hovudruta", som etter kvart nedover har ein del parti med nokså laus småstein. Godt var det difor å kome ned på platået fram mot Nasen, der underlaget var lyng, gras og stein. Rett ut for varden vart det triveleg matpause på ei lyngkledd hylle tett på stupkanten, i ly for litt trekk frå nord. Resten av turen gjekk lett på god sti, og vi var nede ved bilane att knappe fem timar etter at vi starta.
See also