Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Triveleg bål- og aktivitetsdag ved Furustrand

Laurdag var rundt 100 små og store øystreslidringar med på oppstarten av Friluftslivets år 2025, under mottoet «Hele Norge båler».

Publisert: 22. januar 2025
Skrevet av: Tor Harald Skogheim
Turreferat
Furustrand i Heggenes Øystre Slidre Foto: Tor Harald Skogheim

Arrangementet var eit samarbeid mellom DNT Valdres, Øystre Slidre kommune og Røde Kors.

Eventyrstunda i den nye dagsturhytta var så populær at det måtte til fleire rundar, og minst like kjekt var kanefart på den nye turvegen ved Furustrand, i hestevogna med Torgeir Svalesen som kusk.

Furustrand Foto: Tor Harald Skogheim

Då det mørkna var det tid for lommelyktløype, ein natursti der små og store prøvde å kjenne att bilete av ulike dyr og fuglar – og spor etter desse. Og heile tida var det fyr i to bålpanner, og servering av varm saft og nygrilla pølser i lompe, alt gratis.

Furustrand Foto: Tor Harald Skogheim

Grunna mildvêret måtte aktivitet på ski og skeiser avlyst, men folk kosa seg i fint vêr med fargesprakande himmel som kulisse

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem