Flott sykkeltur Fagernes - Bjørgo i strålande ver 14. mai
Den årlege sykkelturen Fagernes – Bjørgo er ein tematur. Valdresbanen har vore tema fleire gonger. Temaet i år var Fagernes stasjon. Vi sykla difor først dit. Her informerte turleiar om korleis stasjonen var i sine velmaktsdagar. Dette var siste del av serien om Valdresbanen.
Skrevet av: Bjørn Vegar Johnsen
12 påmelde deltakarar og 2 turleiarar stilte til start ved Valdres folkemuseum.
Turen gjekk så vidare fra Fagernes på Valdresbanevegen fram til Bjørgo stasjon der vi snudde og sykla same vegen tilbake.
Første stopp var ved Tunneltoppen der Torodd Lybekk orienterte om veg- og jernbanetraseen der.
Fram til Nordaker var det berre nokre få oppsamlingsstopp. På Nordaker blei det ein litt lengre stopp der dei som ville, fekk skriva seg inn i turboka til helselaget.
I Aurdal hadde vi ein lengre stopp med kaffi og niste nede ved Frydenlund skysstasjon. Dette var ikkje planlagt på førehand, men Odd Sagbråten, ein av turdeltakarane, hadde eit kort ærend dit, så det passa god å ha matpausen her. Når vi først var komne til Frydenlund fortalde han om skysstasjonen. Fleire berømte kunstnarar besøkte staden frem gjennom tidene, m.a. Edvard Grieg, Ludvig Mathias Lindeman, og ikkje minst Knut Hamsun som var her i lengre periodar.
Siste etappen fram til Bjørgo gjekk utan stopp. Så sykla vi raskt tilbake til Aurdal der vi hadde ei koseleg økt med kaffi og bollar ved bakeriutsalet der.
På tilbaketuren til Fagernes stoppa vi som snøggast på Onstadmarka der Knut Hamsun skreiv romanen Victoria.
Utan stress og uhell av noko slag kom vi tilbake til Fagernes etter ca. 39 km i god tid før planlagt tid. I det varme og fine veret hadde ein flott tur, og deltakarane sa at dei hadde hatt ein vellykka tur.
Takk til Odd Sagbråten og Torodd Lybech for interessante bidrag på turen.
Turleiare: Bjørn Vegard Johnsen og Gunnar Moden