Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

Flott sykkeltur Fagernes - Bjørgo i strålande ver 14. mai

Den årlege sykkelturen Fagernes – Bjørgo er ein tematur. Valdresbanen har vore tema fleire gonger. Temaet i år var Fagernes stasjon. Vi sykla difor først dit. Her informerte turleiar om korleis stasjonen var i sine velmaktsdagar. Dette var siste del av serien om Valdresbanen.

Published: May 28, 2024
Written by: Bjørn Vegar Johnsen
Trip report
Stopp ved Tunneltoppen Photo: Bjørn Vegar Johnsen

12 påmelde deltakarar og 2 turleiarar stilte til start ved Valdres folkemuseum. 

Turen gjekk så vidare fra Fagernes på Valdresbanevegen fram til Bjørgo stasjon der vi snudde og sykla same vegen tilbake.

Første stopp var ved Tunneltoppen der Torodd Lybekk orienterte om veg- og jernbanetraseen der.  

Fram til Nordaker var det berre nokre få oppsamlingsstopp. På Nordaker blei det ein litt lengre stopp der dei som ville, fekk skriva seg inn i turboka til helselaget.

Stopp  ved Nordaker, foto Bjørn Vegard Johnsen
Odd Sagbråten fortel om Frydenlund, foto Bjørn Vegar Johnsen

I Aurdal hadde vi ein lengre stopp med kaffi og niste nede ved Frydenlund skysstasjon. Dette var ikkje planlagt på førehand, men Odd Sagbråten, ein av turdeltakarane, hadde eit  kort ærend dit, så det passa god å ha matpausen her. Når vi først var komne til Frydenlund fortalde han om skysstasjonen. Fleire berømte kunstnarar besøkte staden frem gjennom tidene, m.a. Edvard Grieg, Ludvig Mathias Lindeman, og ikkje minst Knut Hamsun som var her i lengre periodar.

Pause ved Frydenlund skysstasjon, foto Bjørn Vegar Johnsen

Siste etappen fram til Bjørgo gjekk utan stopp.  Så sykla vi raskt tilbake til Aurdal der vi hadde ei koseleg økt med kaffi og bollar ved bakeriutsalet der.

Kaffipause ved bakeriutsalet i Aurdal, foto Bjørn Vegar Johnsen

På tilbaketuren til Fagernes stoppa vi som snøggast på Onstadmarka der Knut Hamsun skreiv romanen Victoria.

Utan stress og uhell av noko slag kom vi tilbake til Fagernes etter ca. 39 km i god tid før planlagt tid. I det varme og fine veret hadde ein flott tur, og deltakarane sa at dei hadde hatt ein vellykka tur.

Takk til Odd Sagbråten og Torodd Lybech for interessante bidrag på turen.

 

Turleiare: Bjørn Vegard Johnsen og Gunnar Moden

Share article:
Share via email

See also

Become a volunteer
Become a volunteer
Become a member
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Become a member