5. september hadde Seniorgruppa jubileumstur til Nystølvarden
I år er det 10 år sidan seniorgruppa i DNT Valdres blei etablert. Første turen gruppa arrangerte, var ein fottur til Nystølvarden. Difor passa det fint no ti år etter å leggja ein jubileumstur dit. Denne gongen blei det ein kombinert sykkel- og fottur. Nystølvarden er høgaste punktet i Gol kommune, 1296 m.o.h.
Skrevet av: Bjørn Vegard Johnsen
6 deltakarar og ein hund var med på turen. Frå Fagernes køyrde vil til Bagn. Der frå reiste vi vestover åsen forbi Ellingseter og Hellebekkseter til Høvreslie. Der starta sykkeldelen av turen i motvind. Etter ca. 2 km passerte vi kommunegrensa til Gol, kom ned i Rauddalen, sykla opp den lange bakken der, så til Frøysåkstølane der vi tok av opp nokre seige bakkar til Nystølen. Der møtte vi ein 7. klasse frå Gol. Dei var på veg heim frå ein fin tur til toppen.
Etter å ha parkert syklane og gjort oss klare til fotturdelen av turen, hadde vi ein lang og velfortent matpause.
Det er berre 1,5 km opp til toppen, men stigninga er tung, spesielt når ein har 12 km på sykkel i beina. Vi var overraska over kor tørr stigen var etter alt regnet i sommar. Oppe på toppen bles det friskt, men utsikten var god. Vi såg Vikerfjell, Vassfarfjella, Norefjell, Gaustadtoppen, Numedalsfjella, Hardangervidda, Hallingskarvet, Hemsedalsfjella, Valdresfjella, Jotunheimen, Rondane, Gausdalsfjella og Synnfjellet.
Etter ein pause på toppen gjekk vi ein 3,5 km lang runde tilbake til Nystølen via Hestedalen nord for toppen. I det fine haustveret blei det ei fin oppleving.
Før vi sykla tilbake til Høvreslie, blei det ein ny god matpause. Tilbaketuren gjekk mykje raskare enn turen fram sidan vi no hadde medvind og fleire lange utforbakkar enn på turen fram. Vi kom tilbake til vel nøgde og utan uhell av noko slag. Turen var alt ca. 29 km lang.
- Turleiare: Bjørn Vegard Johnsen og Gunnar Moden