Skip to main content
Logo
To DNT.no frontpage

5. september hadde Seniorgruppa jubileumstur til Nystølvarden

I år er det 10 år sidan seniorgruppa i DNT Valdres blei etablert. Første turen gruppa arrangerte, var ein fottur til Nystølvarden. Difor passa det fint no ti år etter å leggja ein jubileumstur dit. Denne gongen blei det ein kombinert sykkel- og fottur. Nystølvarden er høgaste punktet i Gol kommune, 1296 m.o.h.

Published: September 17, 2023
Written by: Bjørn Vegard Johnsen
Trip report
Samla på Nystølvarden
Samla på Nystølvarden. Photo: DNT Valdres

6 deltakarar og ein hund var med på turen. Frå Fagernes køyrde vil til Bagn. Der frå reiste vi vestover åsen forbi Ellingseter og Hellebekkseter til Høvreslie. Der starta sykkeldelen av turen i motvind. Etter ca. 2 km passerte vi kommunegrensa til Gol, kom ned i Rauddalen, sykla opp den lange bakken der, så til Frøysåkstølane der vi tok av opp nokre seige bakkar til Nystølen. Der møtte vi ein 7. klasse frå Gol. Dei var på veg heim frå ein fin tur til toppen.

Etter å ha parkert syklane og gjort oss klare til fotturdelen av turen, hadde vi ein lang og velfortent matpause.

Haustidyll
Haustidyll

Det er berre 1,5 km opp til toppen, men stigninga er tung, spesielt når ein har 12 km på sykkel i beina. Vi var overraska over kor tørr stigen var etter alt regnet i sommar. Oppe på toppen bles det friskt, men utsikten var god. Vi såg Vikerfjell, Vassfarfjella, Norefjell, Gaustadtoppen, Numedalsfjella, Hardangervidda, Hallingskarvet, Hemsedalsfjella, Valdresfjella, Jotunheimen, Rondane, Gausdalsfjella og Synnfjellet.

Farvel til Nystølvarden
Farvel til Nystølvarden

Etter ein pause på toppen gjekk vi ein 3,5 km lang runde tilbake til Nystølen via Hestedalen nord for toppen. I det fine haustveret blei det ei fin oppleving.

Før vi sykla tilbake til Høvreslie, blei det ein ny god matpause. Tilbaketuren gjekk mykje raskare enn turen fram sidan vi no hadde medvind og fleire lange utforbakkar enn på turen fram. Vi kom tilbake til vel nøgde og utan  uhell av noko slag. Turen var alt ca. 29 km lang.

  • Turleiare: Bjørn Vegard Johnsen  og Gunnar Moden
Snart i mål
Snart i mål.

 

Share article:
Share via email

See also

Become a volunteer
Become a volunteer
Become a member
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Become a member