Logo
Til DNT.no forside

TiTur Hyllestad

Titur Hyllestad går frå 1.mai - 31.oktober. Ved å samle og registrere 10 turmål i Hyllestad Kommune kan du V I N N E P R E M I A R. Det er gratis å delta på TiTur!

Publisert: 26. april 2024
Artikkel

TiTur Hyllestad 2024 lanserast 01.mai. Blir du med?
Prosjektet er eit samarbeid mellom Ytre Sogn Turlag, HIL v/Fjellgruppa og Barnas Turlag Hyllestad. 

I år har vi valgt ut desse turmåla;

Gapahuken ved Langesjøen
Robba 673moh
Sørbøheia
Gygrekjeften
Arefjellet
Folkestien
Sørefjordhytta
Hesjetinden
Bøheia
Vardeheia 322moh.

Gjennomføring:

  • Innsjekking: Bruk appen "UT.no". Følg lista her eller søk"Titur Hyllestad 24" og du vil få opp årets 10 turar. SjekkUT når du når innsjekkingspunkta. 
  • På turkortet noterer du turane (last ned & klipp ut tabellen nederst på arket). Alle må ha kvar sitt turkort, og det kan berre leverast inn eitt kort per person.
  • Innlevering: Turkortet leverast innan 31.10.2024 i papirform på biblioteket der alle får ein deltakarpremie. Du kan eventuelt sende utfylt skjema på e-post: ytresogn.turlag@dnt.no

    Det vert trekning av gåvekort og turutstyr blant alle som leverer turkort!
    Dei som er under 10 år og over 67 år er med i trekningen av premier dersom dei har gått 5 av turmåla.
    Alle andre må gå alle 10 turar.

TiTur Xtreme

Tek du ei utfordring? Delta på Titur XTREME -24 Hyllestad og ta alle postane på 1 dag. Xtreme har andre turar og eiga liste på UT.
9. mai har YST fellestur der vi går alle turane i lista på ein dag, info om dette blir lagt ut på Facebook 2 dager før om start og dvs. Du kan også fullføre på eiga hand elles i tidsrommet 1.mai - 31.oktober.
Alle som fullfører TiTur Extreme kan få kjøpe fin Finisher t- skjorte med eige design til kr 249,-.
Trekking av premie er: Gavekort – Turutstyr

Spørsmål om TiTur kan stillast Mona Birkeland (97 96 81 31), Anita Høyum (95 07 62 05) eller Katarzyna Lylund (41 47 09 07).

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem