VEL MØTT TIL FLOTTE TOPPTURAR I LUSTRANATUREN 2026-2028!
Dette er syttande gongen Luster Turlag inviterer til TOPP-TRIMMEN! Dei same toppane som stod i kortet for 30 år sidan, skal no få nye besøk! Du får tre år på deg til å finna fram til desse ti fjelltoppane som ligg spreidde rundt i heile Luster kommune.
Topptrimmen er blitt digital
Enkelt forklart er Topptrimmen den same som tidligare, der det er om å gjera å gå 10 toppar på tre somrar. Alle som deltek på TOPPTRIMMEN vil få diplom som viser kva prestasjonar dei har vore med på. Nytt av året er at Topptrimmen er blitt digital og turlaget nyttar nå SjekkUT i staden for fysiske deltakarkort. For å delta i Topptrimmen må du melde deg på lista i UT.no ved å trykke "følg lista" og "sjekke ut" alle toppane med UT-appen. Følg lenken og bli med!
Korleis bruke SjekkUT
Les meir om korleis du laster ned og brukar Sjekk-UT her
Dette er utfordringane i Topptrimmen 2026-28
1. Jakobdalsholten (797 moh)
2. Urdanovi (1360 moh)
3. Kupen (1728 moh)
4. Kvitekoven (1657 moh)
5. Storaskornosi (1052 moh)
6. Kolinosi (1459 moh)
7. Vetledalsnosi (1617 moh)
8. Vardanosi (1409 moh)
9. Vestre Austabottind (2100)
10. Friken (1503 moh)
Send bildar og turskildringar
Sist desse toppane var med i Topptrimmen var i 1996. Det kan difor ha vore endringar i lokale forhold som avvik frå våre turskildringar frå den gongen. For å gje best mogleg turskildring, set vi stor pris på om deltakarar på Topptrimmen sender inn oppdaterte turskildringar og bilde frå toppane, då kan vi oppdatera informasjonen på UT.no.
Send bilder og oppdatert ruteinfo til luster.turlag@dnt.no
Premie for fullent Topptrimm
Dersom du greier alle ti toppane, må du passa på å ta med ein stein – ikkje større enn at han kan monterast på ein 2x4 toms tresokkel - frå ein av toppane.
Deltakarkort og eventuell stein må leverast til den turlaget oppgir på nettsidene hausten 2028. Turlaget vil så sørgja for at det blir produsert ei messingplate med namnet på alle toppane og namnet på deltakaren.
Det blir ein eigenandel for messingplate og sokkel. Prisen veit me dessverre ikkje enda.
Me minner om følgjande:
- Hugs på, og ta omsyn til fjellvetreglane.
- Pass på å ha med rikeleg klede, mat og drikke.
- Ver sikker på rutevalet før du legg i veg. Spør gjerne kjentfolk og gå aldri utan kart.
- Gå slik at du ikkje er til irritasjon for grunneigarane. Unngå innmark og hugs grindane.
- Anvend etablerte parkeringsplassar - spør om lov før du parkerer på privat grunn
- Ta omsyn til villreinen
- Hugs båndtvang
Vegleiing for nye UT.no brukarar
I denne artiklen kan du få vegleiing til korleis du opprettar ein brukar på UT.no og kan komme i gang med Topptrimmen 2026-28
Les videreSe også