Me ønskjer å vere ein aktiv pådrivar for å fremje friluftsliv som varig livsstil allereie i barne- og ungdomsåra. Friluftsliv må lærast, og formidling av kunnskap og gode haldningar til naturen er viktig.
Barnas Turlag har aktivitet om lag ein gong i måneden heile året. Me dreg på skiturar, klatrar, lagar mat på bål, o-løp, padlar, stølsturar, fisketurar og mykje anna. I tillegg til dei tradisjonelle turane har Barnas Turlag vore aktive i etableringa av naturstiar, klatrejungel og samarbeider med Luster kommune om folkehelsearbeidet i kommunen.
Barnas Turlag sin kontaktperson er : Liv Endresen, liv.endresen@luster.kommune.no